Lokal | 21. feb. 2017

Dømt for to innbrot på same restaurant

To gongar på tre veker knuste han ei rute og stal pengar, øl og brus.

Dømt for to innbrot på same restaurant
Denne ruta blei knust to gongar i samband med innbrot våren 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. feb. 2017 21:09

Våren 2015 blei restauranten Aroydee i Telthuskvartalet utsett for to innbrot på tre veker.

Natt til søndag 12. april blei ei rute på baksida knust. 1400 kroner i kontantar, 20 flasker cola og 15 boksar med øl var sakna etter innbrotet.

Natt til søndag 3. mai blei den same, samanlappa ruta knust igjen. Etter innbrotet var kassaapparatet vekke, det same var åtte boksar øl og ein kartong med vin.

Politiet sikra seg DNA frå blod på vindaugskarmen i den knuste ruta.

Mannen som blei mistenkt var i retten òg tiltalt for oppbevaring av 0,5 liter GBL i Bergen i juli same år, for bruk av amfetamin i Os i juni og for oppbevaring av tre narkotiske tablettar i september 2015.

Tiltalte, ein osing i starten av 30-åra, møtte i retten og erkjente forholda.

Små verdiar - større tap

«Generelt er tyverier fra næringsdrivende et stort samfunnsproblem, og medfører betydelig ubeleilighet for dem som rammes. Allmennpreventive og individualpreventive hensyn får stor betydning og tilsier en streng reaksjon» står det i dommen.

«Tyveriene i denne saken gjelder beskjedne verdier. Samtidig er de foretatt ved innbrudd, som konkret har medført store ubeleiligheter for restauranten tyveriene skjedde fra. Blant annet måtte restauranten holde stengt flere dager, det var mye arbeid med opprydding av glass, bestilling av nye ruter ved begge anledningene, kassaapparatet ble ødelagt og nytt måtte bestilles, samt at en mengde mat som hadde vært oppbevart på kjøkkenet måtte kastes på grunn av glassbiter, med videre.»

Dømt fleire gongar før

Tiltalte er tidlegare straffa fleire gongar for vinning og narkotika, sist i 2015.

«... slik at straffeloven (1902) § 61 om forhøyet maksimumsstraff kommer til anvendelse. Gjentakelseselementet er skjerpende» skriv Nordhordland tingrett.

Retten såg samtidig saka i samanheng med rusbruk, og tiltalte er i ei gundtig utvikling med tanke på rehabilitering, og har heller ikkje pådratt seg nye forhold etter hausten 2015. Dette talte for ein reaksjon på vilkår.

Tiltalte blei dømt til 60 dagar fengsel, men soning av straffa blei utsett på vilkår med prøvetid på to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.