Lokal | 16. apr. 2018

Dømt for køyring med høg promille

Tatt med 2,24 i promille. Dømd til fengsel i 24 dagar og bot på 25.000 kroner.

Dømt for køyring med høg promille
Ein osing i tredveåra blei dømd for promillekøyring i Bergen Tingrett førre veke (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 16. apr. 2018 12:12

Ein søndagsmorgon i mai 2017 blei ein osing i tredveåra stoppa av politiet i Brugata på Osøyro.

I følgje tiltalen viste blodprøva tatt omlag ein halvtime etter at han blei stoppa ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,24 promille.

Han hadde òg køyrd bilen utan å ha gyldig førarkort, noko som blei ein tilleggspost i siktinga.

I Bergen Tingrett førre veke om mannen med ei tilståing utan atterhald.

– Riktigheten av tilståinga blir styrka av dei øvrige opplysningane i saka, herunder analyse av blodprøve. På denne bakgrunn har retten funne det bevist at sikta har forholdt seg som skriven i siktelsen, og at han har handla forsettleg, heiter det i dommen.

Svært høg påvirking

Mannen er tidlegare domfelt og mellomanna frådømt førarrett i 1 år og åtte månader for å ha stukket av frå politiet og med det unndradd seg blodprøvetaking etter mistanke om køyring på påvirka tilstand.

– Sikta har køyrd bil med svært høg påvirkning. Det er ikkje meld om konkrete faresituasjoner unde køyringa utover det høge påvirkingsnivået. Forholdet i post II (køyring utan førarrett, journ.mrk) tillegges vekt som ein skjerpande omstendigheit, heiter det i dommen.

I formildande retning blir det lagt vekt på sikta sin tilståing og samtykke til tilståelsedom, men dette har berre hatt prosessøkonomisk betydning.

Straffa blei satt i samsvar med aktor sin påstand til fengsel i 24 dagar samt ein ubetinga bot stor kr 25.000,- subsidiært fengsel i 15 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.