Dømt onsdag, i kamp mot politiet igjen i helga
Onsdag blei han dømt etter å ha sparka og spytta på politiet. No sit han fengsla etter ein liknande episode natt til søndag.
Onsdag blei ein mann frå Os i slutten av 20-åra dømt til 26 dagar fengsel etter ein episode i desember.
Politiet rykte ut på melding om husbråk heime hos tiltalte natt til laurdag 6. desember. Mannen var aggressiv og både spark, spyttklyser og skjellsord hagla mot politibetjentane.
Han blei plassert i varetekt i tre dagar, som han får fråtrekk frå i dommen. Vedkomande møtte i retten og innrømte straffeskyld.
Han er tidlegare straffedømt og bøtelagt, blant anna for liknande forhold.
Nytt tilfelle i helga
Tre dagar etter at han fekk dommen gjekk han på fest i Os. Politiet stadfestar at det er same mann som natt til søndag blei henta etter å ha slåst mot, og bite, ein dørvakt på ein utestad i sentrum.
Les òg: Krakilsk gjest måtte leggast i bodycuff
Også i helga motsette han seg politiet både før han blei tatt inn i bilen og etter at patruljen kom fram til Bergen.
– Han sit framleis fengsla. Vi skal ta ei vurdering med jurist i dag, om han er klar for avhøyr og korleis vi skal følgja opp saka, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.