Lokal | 24. mai 2018

Dømt for oppbevaring, bruk og køyring i rusa tilstand

To veker etter at han blei tatt med narkotiske tablettar blei mannen stoppa, rusa bak rattet.

Dømt for oppbevaring, bruk og køyring i rusa tilstand
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mai 2018 07:03

Ein mann i 30-åra frå Os blei i september i fjor tatt med 20 rivotriltablettar, tablettar som inneheld det narkotiske verkemiddelet klonazepam.

Midt på dagen ein fredag knappe to veker seinare blei han stoppa i eit nabolag i ein av krinsane i Os, mistenkt for køyring i rus.

Blodprøve tatt to timar seinare viste ein konsentrasjon av klonazepam som tilsvarar ein promille på 1,2.

Sikta møtte i retten og erkjente forholda.Han samtykka i at saka kunne avgjerast ved tilståelsesdom.

Mannen blei dømt til 21 dagar fengsel, 40.000 kroner i bot og til tap av førarretten i 2 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.