Drageset gratulerte Kiwi
Husverten var innom då Kiwi i dag opna dørene til ny butikk på Haugsneset.
Bildeserie:
Åtte dagar etter at første lastebil med varer kom til Haugsneset er det i dag opningsfest hos Kiwi.
Huseigar, Astrid Drageset, kom inn saman med dei første kundane for å gje blome til regionssjef Jan Olav Mjøs og butikksjef Linn Frøkedal Røen.
– Eg var ei lita jente då bygget blei reist på 60-talet ein gong, då for å husa bakeri og konditori, fortalde Astrid då gamlebutikken i fjor blei riven.
Huseigar, som kjem frå den kjente kjøpmannsfamilien Drageset, har kjøpt tre nabotomer for at Kiwi skulle kunna veksa seg tre gongar så stor.
Kompakt handel
– Butikken har større frukt- og grønt-avdelinga enn alle dei andre Kiwi-butikkane på Os, og byr no på eit langt større utval, spesielt innan ferskvare, seier Mjøs.
Storleiken har auka frå 430 til over 1200 kvadratmeter.
– Samtidig er den litt kompakt, nesten kvadratisk, så eg trur den vil bli opplevd som godt eigna også for raske handleturar på ein travel dag.
Ingen leiligheiter likevel
I utgangspunktet blei det teikna eit prosjekt for leiligheiter på taket av den nye bygget.
Bygg Concept AS, selskapet til Astrid sin bror Paul, sto for planane. Dagleg leiar Øyvind Tøsdal, som har kontor eit halvt steinkast frå butikken, var blant dei første kundane.
– Det blei ikkje noko av dette prosjektet, men vi er uansett glade for at nærbutikken aust om elvo no er ferdig og opna, seier Tøsdal.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.