Sport | 25. juli 2016

Draum og drama for Vegard i Sogndal

Leikvoll Moberg spelte frå start, hadde ein miss som førte til mål imot, men er elles nøgd med første smak på Tippeligaen.

Draum og drama for Vegard i Sogndal
Rask debut: 48 timar etter signering var Vegard i startellevaren til Sogndal. (Foto: Rune Sjøberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2016 07:33

Det har blitt to hektiske døgn for Vegard Leikvoll Moberg (25) i Sogndal, frå signering av avtalen fredag ettermiddag til innmarsj som del av startellevaren mot Bodø/Glimt søndag.

– Først blei det to dagar med mykje venting, dei utsette til og med treninga fredag for å få avtalen ferdig, så skjedde alt veldig fort.

Vegard var i gang på feltet då Håvard Flo klokka 13.30 kom løpande inn på graset og osingen måtte til sida for å signera.

– Det er som om det ikkje har gått heilt opp for meg, samtidig kjennest det veldig godt å vera her. Eg hugsar eg likte bygda veldig godt då eg var her som deltakar på Lerum Cup for nesten 15 år sidan, og så syntest eg at drakta til Sogndal var så tøff.

Reiste seg etter avgjerande glipp

Vegard blei kasta inn i det i ny klubb og ny divisjon, det blei tillit frå start for den tidlegare OBOS-spelaren.

I 19. minutt rota den elles så stødige 25-åringen vekk ballen godt inne på eigen banehalvdel. Glimt-spissen Trond Olsen blei spelt fri og chippa ballen i mål frå spiss vinkel.

– Det var ein stygg feil av meg. Den oppsummerer gjerne divisjonsforskjellen akkurat den episoden der, alt skjedde med eit anna tempo enn på nest høgaste nivå. Det var som om Glimt-spelarane ville utnytta det at eg er ny, to-tre av motstandarane var rask opp i press, eg mista ballen og dei skåra.

Sogndal låg under 0-2 før dei reduserte og til slutt utlikna. Dermed blei det ikkje brot i den fine rekka til Sogndal, gårsdagens runde blei deira tiande utan tap.

– Eg er glad for at vi tok poeng, at ikkje feilen min førte til tap. No har vi Glimt 4 poeng bak oss, ikkje 1, det er viktig.

– Og så er er nøgd med at eg ikkje lét tabben prega meg resten av kampen, at eg klarte å nullstilla meg.

– Du spelte meir enn dette eine minuttet, kva synest du om eigen prestasjon dei andre 71 minutta og kva tilbakemelødingar fekk du frå trenarane etter debuten?

– Eg synest eg klarte meg bra i duellspelet og at eg kom meg etter pause, blant anna med offensive bidrag. Tilbakemeldingane frå trenarane gjekk på det same. Bakka ba meg ikkje bry meg for mykje om feilen eg gjorde og minna meg på at både eg og andre kjem til å gjera fleire feil i tida som kjem, det er sånn som dessverre høyrer med.

Les òg: Sogn Avis sitt intervju med Vegard etter kampen

Trusehandel og flyttelass

Leikvoll Moberg har vore i Sogndal samanhengande sidan onsdag.

– Eg visste ikkje kor lenge eg blei verande, så eg måtte på Rema 1000 og kjøpa meg nokre nye undikar etterkvart, seier Vegard og ler.

No har mora og faren køyrd kvar sin bil med flyttelass til Sogndal og Vegard skal flytta frå hotell til leilegheit.

– Det er visst like vanskeleg å skaffa seg leilegheit her som i Oslo når studentane er på plass, men klubben hadde ein ledig leilegheit som eg får leiga.

– Den ligg i dei koselege gatene mellom Fosshaugane og sentrum, gatene eg gjekk i då eg spelte cup her som liten. Her er det berre tre minutt å gå til Fosshaugane så eg slepp å kjøpa meg bil, men eg kjøper gjerne ein sykkel så eg kjem meg litt rundt.

Nye kameratar med OBOS-bakgrunn

At draumen om Tippeligaen har gått i oppfylling har han knapt forstått sjølv.

Vegard har signert kontrakt for 2,5 år, altså ut 2018.

No får Vegard ein kvardag som fulltidsspelar, med fellesfrukost i 9-tida og trening klokka 10.30. Klokka 14 er han ferdig for dagen, bortsett frå dei dagane dei har to treningsøkter eller annan fellesaktivitet på ettermiddagen.

– Sogndal har vore flinke til å sjå potensiale i spelarar frå OBOS-ligaen og nokre av dei nye lagkameratane mine var rask med å kommentera at dei no fekk eit nytt medlem i OBOS-klubben.

Denne «klubben» er tidlegare OBOS-spelarar som sit saman og ser kampar frå divisjonen dei tidlegare spelte i.

– Vi er fleire spelarar utanfrå, som ikkje har familie i Sogndal eller rundt, så eg trur eg skal få det sosialt og fint på fritida òg.

Kjem heim i dag

Sjølv om han har fått flyttelasset sitt til Sogndal skal Vegard heim til Os i dag.

– Eg skal blant anna ut til Åsane og takka for meg.

– Det har vore 5,5 gode år der ute òg, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.