Sport | 16. okt. 2014

Draumen gjekk i oppfylling

– At eg i ung alder slapp til på A-laget til Os har nok mykje å seia for at eg i dag fekk kontrakt med Brann, seier Fredrik Heggland.

Draumen gjekk i oppfylling
Fredrik Heggland kan i dag smila nøgd heime i Os etter dagens signering i Bergen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 16. okt. 2014 19:14

I dag gjekk gutedraumen hans i oppfylling, tidlegare Os-spelar Fredrik Heggland (18) signerte torsdag ein treårskontrakt med Brann.

Fredrik, som fyller 19 år i november, var i sommar ferdig med vidaregåande skule og er fotballspelar på fulltid, no også fotball-proff.

Fredag sit han på benken når Brann speler heime mot Sarpsborg 08.

– Eg er i troppen, men startar ikkje, fortel ein glad Fredrik Heggland til Midtsiden.

– Har du visst lenge at du ville bli tilbydd kontrakt?

– Nei, eg fekk telefon i går om at dei ville forhandla med meg i dag. Eg fekk også høyra i grove trekk kva dei ville tilby, og det høyrdes greit ut.

– Det har rett nok vore nokre møter tidlegare, men det skjedde ganske fort.

2016 eit realistisk mål

På Brann si eiga heimeside blir det unge stoppertalentet frå Os omtalt som ein utfordrar til stopparposisjonen når A-laget si trening startar opp i januar.

– Det er tøff konkurranse om plassen. Målet må vera å etablera meg og få mest mogleg speletid, seier Heggland.

– Så neste år er ikkje året vi skal rekna med å sjå Fredrik Heggland som fast i start-ellevaren til Brann?

– Njaei, vi er ein del stopparar. 2016 er vel eit meir realistisk mål.

– Eg må berre stå på og jobba på, så kjem det etterkvart.

Vore god i haust

Heggland har hatt ein knallhaust for Brann 2 og i treningskampar med A-laget, sist mot Vegard Leikvoll Moberg sitt Åsane, då Heggland skåra eit praktmål for Brann.

– Ja, eg har hatt nokre gode kampar i det siste, seier stoppartalentet.

– Korleis går det med Brann då. Blir du tippeligaspiller neste år eller blir det kamp mot Vegard og Åsane?

– Vi held oss. Vi i klubben har absolutt trua på det.

– Korleis går det mot Sarpsborg 08 i morgon då?

– Vi vinn 3-0.

– Kos deg med ballen

På Kuventræ er Heggland kjend for ein spelar som legg ned mykje arbeid på treningsfeltet. Han fekk òg tidleg sjansen på A-laget.

– Det at dei satsa på meg på Kuventræ og slapp meg til i ung alder har nok betydd mykje for at eg i dag har skrive proffkontrakt.

– Kva råd vil du gje til dei unge gutane og jentene på fotballbanene rundt i bygda som ber på same draumen som du hadde då du var mindre?

– Tren så mykje du orkar og kos deg med fotballen.

– Sjølv var eg mykje på banen og heime hagen, og berre leika med ballen.

– Det gjer eg eigentleg enno. Ballen ligg lett tilgjengeleg heime på guterommet, avsluttar Fredrik Heggland med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.