Lokal | 24. mars 2018

Draumepåske ved fjord og på fjell

Skyfri himmel frå onsdag: Det går mot tidenes sesong i Eikedalen.

Draumepåske ved fjord og på fjell
Eikedalen hadde i går sin opningsdag nummer 86 for sesongen. Dei held ope til 15. april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. mars 2018 11:43

Den siste veka har vinteren sleppt litt taket i låglandet, med unntak av den våte snøen som skapte vanskar i trafikken onsdag ettermiddag.

Men nokre få plussgradar og nedbør på Os har betydd påfyll av nysnø i fjellet.

– Vi har fått 10-15 cm nysnø denne veka. Det har vore rikeleg med snø i anlegget omtrent sidan start 2. desember, på det meste over tre meter.

– Men det er klart at det er kjekt med litt påfyll av nyare snø, seier Fredrik Tønjum frå Eikedalen Skisenter.

Skyfri himmel nesten heile påsken

Etter nokre dagar med delvis skya, litt varmare vêr og noko nedbør, går det mot ein svært solrik påske.

Det er meldt lettskya laurdag og søndag, ifølgje Yr. Storm melder lettskya laurdag, men noko nedbør i Os søndag.

Både Yr og Storm melder noko nedbør måndag kveld og natt til tysdag, men så er det berre sol i sikte.

Det er meldt skyfri himmel frå onsdag til og med laurdag, og lettskya søndag første påskedag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no

Vindstyrken skal halda seg mellom 1 og 3 m/s, temperaturen i låglandet frå 3 minus til 4 pluss. Det er tilsvarande, men nokre få gradar kaldare, meldingar for Kvamskogen og Eikedalen.

• Sjå detaljert vêrmelding for Eikedalen på Pent.no

Rekordsesong i fjellet

Tidleg sesongstart, mykje snø og gode meldingar for påsken gjer at Eikedalen siktar seg inn på ny rekord.

– Fredag hadde vi vår 86. opningsdag for sesongen. Planen er å halda ope til 15. april.

Det er slutt for kveldskøyring for denne gong, men heile anlegget er ope på dagtid i det komande solskinet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.