Lokal | 04. mai 2016

– Du gav oss så mykje

Borna med sterke minneord då Trude Brenna Aasen blei gravlagt onsdag. – Du gav oss ein fantastisk og trygg oppvekst. Det var trygt å koma til deg.

– Du gav oss så mykje
Kyrkja var pynta med eit stort tal blomsterhelsingar og levande lys (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. mai 2016 11:40

Bildeserie:

Kommunen mintes ein god kollega ved å flagga på halv stang framfor rådhuset (foto: AH)
Kommunen mintes ein god kollega ved å flagga på halv stang framfor rådhuset (foto: AH)
Gravferda blei leia av prest Knut Ivar Askeland, som oppmoda til fellesskap også i tida som kjem (foto: AH)
Gravferda blei leia av prest Knut Ivar Askeland, som oppmoda til fellesskap også i tida som kjem (foto: AH)
Gina Aspenes og Reidar Opdal sto for eit vakkert og passande musikalsk følgje (foto: AH)
Gina Aspenes og Reidar Opdal sto for eit vakkert og passande musikalsk følgje (foto: AH)
Ei fullsett kyrkje følgde Trude Brenna Aasen til grava (foto: AH)
Ei fullsett kyrkje følgde Trude Brenna Aasen til grava (foto: AH)
1 av 4
Kommunen mintes ein god kollega ved å flagga på halv stang framfor rådhuset (foto: AH)
Gravferda blei leia av prest Knut Ivar Askeland, som oppmoda til fellesskap også i tida som kjem (foto: AH)
Gina Aspenes og Reidar Opdal sto for eit vakkert og passande musikalsk følgje (foto: AH)
Ei fullsett kyrkje følgde Trude Brenna Aasen til grava (foto: AH)

Svært mange hadde tatt vegen til Os kyrkje for å følgja Trude Brenna Aasen til grava onsdag formiddag. Allereie 20 minutt før sermonien skulle starta måtte kyrkjetenaren be folk trekka meir saman for å få plass til alle.

Det blei ei sterk minnestund i den avdøydde si varme ånd, leia av prest Knut Ivar Askeland.

– Det er ein trist dag. Trude sette mange gode spor etter seg. Sjølv om det er ein trist dag, skal vi ta fram minnene og gle oss over dei åra du fekk, opna Askeland før sonen og dottera heldt minnetale.

Sprudlande og livsglad

I den varme og personlege talen fortalte dei to om mora sitt sprudlande og livsglade vesen.

– Du gav oss så mykje. Ein fantastisk og trygg barndom. Hos deg var det aldri tvil om kven som kom først.

– Som venane våre sa; du var alltid ein del av gjengen. Du kunne vera saman med oss både som barn, ungdomar og som unge vaksne. Venane våre var alltid inkludert hos deg, og det var alltid trygt å koma til deg.

– Du var kreativ. Vi hadde allereie planlagt 100-årsdagen min. Då ville du vera 120, og vi skulle ha bløtkakekrig, fortalde sonen.

Stolt mormor

Dottera fortalde om då ho blei gravid og kor stor glede mora hadde av å bli bestemor.

– Du var verdas stolteste mormor. Då eg fortalde deg at eg var gravid var gleda stor og smilet breitt.

– Då vi nettopp kom heim frå ferie, sto du og trippa utanfor døra for å få koma inn og kosa med jenta. Det var ingen tvil om at ho hadde verdas beste mormor, helsa dottera.

«Noen sekunders feilvurdering»

Presten las på vegne av dei andre familiemedlemmane minneord til Brenna Aasen.

– Kjære glade, omsorgsfulle og gode Trude. Tenk at nokre sekunders feilvurdering i eit krevjande liv skulle få slike følgjer, innleia han på vegne av faren, før han fortalde om oppveksta i Aasen, på Søfteland, i Åsane og Tertnes før ho kom tilbake til Os og stifta familie.

– Du var heilt spesiell. No blir det mi oppgåve å hjelpa dei fire som sit att. La oss bruke mennesket si sterkeste kraft, kjærleiken.

Ja-mennesket Trude

På vegne av kollegaene i Os kommune og Lysekloster barnehage mintes styrar i barnehagen, Marit Johannesen, ein god kollega som blei sett pris på av både barn, foreldre og kollegaer.

– Du engasjerte deg i alt som føregjekk i barnehagen og var eit ja-menneskje som var med i alt. Du tok agronomstudiet, samtidig med at du hadde full jobb i barnehagen. Det var noko vi nytte godt av og det spirte og grodde rundt deg.

– Vi kjem til å sakna jenta som var like vakker innvendig som utvendig. Ditt gode humør, di løysingsorientering og dine gode råd. Du spreidde omsorg og ro rundt deg. Vi vil halda fram i den gode anda Trude har lagt igjen i barnehagen. For å seia det med dine eigne ord. «OK, då har vi ein plan», avslutta Johannesen.

Gravferda blei, i tillegg til salmane, tonesett av Gina Aspenes og Reidar Opdal med melodiane «Liten Fuggel» av Vamp og «For siste gang» av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit, kjend frå den populære barnetv-serien Portveien 2, før kista blei bore ut til tonane av Eric Clapton sin «Tears in heaven».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.