Lokal | 13. okt. 2015

Duka for nye matkurs

Os lokallag av Norges Handikapforbund vann ExtraExpress-trekning.

Duka for nye matkurs
Frå kurset som blei halde i vår. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. okt. 2015 08:39

I fjor haust søkte Os lokallag om støtte til å arrangera matkurs for medlemmane sine, og fekk 10.000 kroner av Extrastiftelsen.

I mai køyrde dei eit vellykka kurs i å laga thaimat, der Asia Mat stilte med ingrediensar og kompetanse.

Onsdag 30. september fekk dei nye midlar, prosjektet «Matlagingskurs» blei trekt ut som vinnar av ExtraExpress og får 25.000 kroner.

Nye kurs

– Dette var ei gledeleg overrasking som vi er veldig takksame for, seier Rita Samdal frå Os lokallag.

Laget har over 40 medlemmar frå 8 til 84 år i alder.

– Pengepremien blir brukt til nye kurs med fokus på ernæring og matglede.

Om ExtraStiftelsen

«ExtraStiftelsen er frivillighetens egen stiftelse. Som en sentral aktør innen frivillighet og helse bidrar vi til å realisere prosjekter og forskning som fremmer fysisk og psykisk helse, mestring og livskvalitet. Prosjektene spenner fra små, lokale aktiviteter ledet av ildsjeler, til forskningsprosjekter i verdensklassen.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.