
Denne ubåten låg utanfor Osøyro torsdag ettermiddag (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Duppa i bølgjene
Torsdag ettermiddag fekk Midtsiden tips om at det låg ein ubåt i området utanfor Osøyro. Kvifor den låg der var ikkje lett å skjønna ut frå aktiviteten. Den såg heller åleine ut der den låg som ein dupp på bølgjene vest for Sandholmane.
- Det var ikkje noko meir enn at dei var ute for å kalibrera utstyr, fortel Thomas Gjesdal, pressetalsmann i sjøforsvaret.
Gjesdal fortel at Bjørnefjorden er eit av sjøforsvaret sine faste øvingsområder.
- Ein vil difor frå tid til anna oppleve forskjellige marinefarty i og på fjorden, seier han.
Det er ikkje første gang Bjørnefjorden blir nytta til øvingsområde for ubåtar og marinefarty.
Under andre verdskrig hadde dei tyske styrkene mellom anna ei ubåtbase i Hatvika og nytta Bjørnefjorden til øvingar.
På ubaatkrig.no kan vi lesa at tyskerane dreiv anti-ubåtøvingar i Bjørnefjorden med norske, hollanske og franske ubåtar dei hadde tatt under krigen som øvingsobjekt.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no