Lokal | 29. okt. 2014

Dyrare vatn, billegare boss

Budsjett 2015: 106 millionar skal nyttast til investeringar på vatn og avløpsområdet i 2015. Gebyra aukar med henhaldsvis med 31 og 7%.

Dyrare vatn, billegare boss
Meir vedlikehald av vassledningar, slik at ein slepp akuttløysingar som her i Stegen i mai 2012, gjer at vassgebyret aukar med 31% i 2015 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. okt. 2014 11:47

Vatn, kloakk og boss er alle områder som kommunen driftar etter sjølvkostprinsippet. Noko som betyr at det er du som innbyggar som må ta rekninga.

– Ei av dei store utfordringaen innan vatn og avløp er dei store lekkasjeprosentene i vassleidningsnettet.

– Kostnaden for sjølve driftsaktiviteten vil hadle seg ganske stabilt dei komande åra. Noe auke kan det bli grunna auka i befolkninga som igjen medfører fleire anlegg som skal vedlikehaldast.

– Vurdering av gebyrnivå må sjåast i samanheng med dei framtidige investeringaen i leidningsnett og reinseanlegg, skriv rådmann Knut Terje Rekve i budsjettframlegget for 2015.

Går med underskot

Vassgebyret er todelt. Eit abonnementsgebyr er likt for alle bustader og er i 2014 på 1 534 kroner. I tillegg kjem eit forbruksgebyr som varierar frå 644 kroner for bustader under 110 kvm til 2148 for bustader over 176 kvm.

– Sjølvkostområdet går i praksis med underskot, men brukar av sjølvkostfond.

– For å retta opp i dette underskotet og ta høgde for meir vedlikehaldsarbeid i 2015 er det foreslått ein auke i gebyret på 31%.

– Prognosane for området tyder på at det vil bli mindre auke i åra som kjem, skriv rådmannen.

Om framlegget blir vedteken blir den nye abonnementsavgifta 2 613 kroner frå 2015. Forbruksgebyret vil variera frå 844 kroner for bustader under 110 kvm til 2 814 kroner for bustader over 176 kvm.

Rådmannen legg òg opp til investeringar innan vassområdet på 18 millionar kroner i 2015.

Vil auka meir framover

Auka i kloakkgebyret er ikkje på same nivå som for vatnet. I budsejttframlegget legg rådmannen opp til ei auke på 7%. Abonnementsavgifta for ein bustad auker frå 2 130 kroner i 2014 til 2 279 kroner i 2015. Forbruksgebyret aukar frå 908 kroner til 971 kroner for ein bustad under 110 kvm. For ein bustad over 176 kvm er auka frå 3 026 til 3 238 kroner.

Også på dette området ser rådmannen for seg å investera 18 millionar kroner i 2015. I tillegg kjem investeringane knytt til OHARA, som total har ei prosjektramme på 275 millionar kroner. 70 av desse ser rådmannen for seg vil komma i 2015.

– Sjølvkostområdet går etter nokre år med underskot no med overskot.

– Sidan området har store vedlikehaldsoppgåver og store planlagde investeringsprosjekt (OHARA), må det likevel gjerast ein prisauke i 2015 på 7%.

– Prognosen for området tyder på stor auke i gebyret i åra som kjem grunna investeringar, forklarar Rekve.

Billigare boss

Det tredje sentrale sjølvkostområdet, som blir forvalta av BIR på vegne av kommunen, syner inga eller ei lita nedgong for 2015 samenlikna med 2014.

For ein gjennomsnittskunde med 26 tømmingar i løpet av året vil dei nye prisane (med prisane for 2014 i parentes) bli:

Fastpris papir: 213 (215)
Fastpris plast: 88 (90)
Fastpris restavfall: 897 (903)
Fastpris 12 tømminger: 312 (312)
Variabel pris 14 tømminger: 364 (364)

Totalpris 1874 (1884), i tillegg kjem eit grunnpåslag for bossnett på 150 kroner i året. Alle prisan i sjølvkostområdet er utan meirverdiavgift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.