Lokal | 23. aug. 2016

E39 blir nattestengd

I samband med ein vassledning som skal kryssa E39 blir vegen nattestengd mellom Tøsdalsskiftet og Moberg tre netter frå onsdag kveld.

E39 blir nattestengd
Vassgrøfta skal krysse E39 mellom Tøsdalsskiftet og Moberg. Vegen blir difor nattestengd (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Andris Hamretirsdag 23. aug. 2016 13:00

Statens Vegvesen melder at dei frå onsdag kveld 24. august vil stengje E39 i tre netter.

Vegen vil bli stengd frå klokka 22 til 06 onsdag, torsdag og fredag denne veka.

Grunnen til stenginga er at arbeidet med å legga den 600 meter lange ny vassledningsgrøfta, som ein har jobba med sidan i mai, går inn i siste fase.

– Vassledningen skal kryssa E39. Når dette pågår kan det ikkje vera trafikk på vegen og vegen bil difor stengd dei tre nettene. Omkøyring er via fv. 552 om Osøyro, fortel Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen.

Fartshumpane hjalp

I starten av arbeidet hadde Statens Vegvesen utfordringar med at bilistane ikkje held den reduserte fartsgrensa forbi anleggsområdet.

– Etter fleire politikontrollar, fartsvisningstavle og etablering av fleire fartshumpar, har trafikantane synt meir omsyn til anleggsarbeidet forbi byggeplassen, fortel Brekke.

Vassgrøfta er mellom tre og fem meter djup. Det har òg vore mykje spreningsarbeid i byggjeperioden.

Etter planen skal E39 opna i begge retningar igjen 4. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.