Lokal | 01. sep. 2015

E39: Byggestart på torsdag

E39 Svegatjørn - Rådal: Torsdag 3. september er det byggestart i Fana, torsdag 1. oktober byrjar gravinga i Os.

E39: Byggestart på torsdag
Første spadetak blir tatt i Fana, ved Bygger'n i Fanavegen. Torsdag 1. oktober blir det byggestart fleire plassar i Os kommune. (Skisse: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2015 10:06

Torsdag skal statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdsledepartementet ta første spadetak på ny E39 Svegatjørn-Rådal.

– Kvifor vi startar i Fana ein månad før Os blei avgjort før eg kom inn i prosjektet, men det er ikkje lenge til maskinene rullar inn i Os heller, seier prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen til Midtsiden.

I Fana er klargjeringa til byggestart allereie i gang og etter det symbolske spadetaket torsdag startar gravinga i neste veke.

– Implenia startar med å bygga anleggsveg fram til driving av spaghetti-tunnellane, som dei blir kalla, mellom Fanavegen, Flyplassvegen og Nordås.

Parallell-innsats i Os frå 1. oktober

Torsdag 1. oktober er det byggestart i Os kommune. Veidekke kjem til å starta ved Svegatjørn samtidig som dei bygger anleggsveg inn i Endelausemarka.

– Dei startar også samtidig ved Klokkarvatnet i Fana, der dei skal bygga ein midlertidig tunnel inn til Lyshorntunnelen, for å driva den innanfrå og ut til begge sider.

– Blir dette ein rømningsveg seinare?

– Nei, den blir murt igjen.

Kva med deponeringa i Bergen?

I førre veke blei det kjent at Bergen kommune har snudd og trekk løyvet til å dumpa stein frå E39-prosjektet i Liavatnet (les meir på BT.no).

Det ser ikkje ut til å bremsa prosjektet.

– No er dette så ferskt at det er for tidleg å seia kva løysinga blir. Men denne deponeringa ligg i ein godkjent reguleringsplan og fram til noko anna er bestemt så oppfører vi oss som om vi har lov til å deponera i Liavatnet.

Ventar med bomstasjonane

Det skal også byggast bomstasjonar både på nyevegen og på eksterande vegar mellom Os og Bergen.

Etter at det blei klart at det ikkje blir bompengeinnkrevjing i byggeperioden er bygging av stasjonane utsett.

– Dette hastar ikkje, og blir nok ikkje aktuelt før siste året før vegen er klar. Det er også ei uavklart sak i Nordvik, der Stortinget har bedt oss sjå på denne éin gong til. Det har vi ei eiga gruppe som jobbar med.

– Men i samband med byggestart er det uendeleg med møter. Vi i vegvesenet har det overordna HMS-ansvaret, i tillegg er det rundt 10 kontraktar igjen som skal signerast på prosjektet.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.