Lokal | 23. aug. 2017

E39: Fann stor krystall i fjellet

Kontrollingeniør såg uvanleg «stein» etter salve i tunell på E39 Svegatjørn - Rådal.

E39: Fann stor krystall i fjellet
Jens Anders Volden såg noko blankt etter ein salve i Rådal. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. aug. 2017 09:32

Bildeserie:

Svegatjørn, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)
Svegatjørn, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)
Endelausmarka, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)
Endelausmarka, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)
1 av 2
Svegatjørn, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)
Endelausmarka, våren 2017. (Foto: SVV/Hawkeye AS)

Arbeidet på E39 Svegatjørn - Rådal er i full gang igjen etter ferien.Det har kome inn sju tilbod på elektrokontrakten som blei lagt ut på anbod i mai, mens tunellane i prosjektet blir drivne vidare.

Når vegen er ferdig og du kjem frå Os ut av Lyshorntunnelen (9,2 km) i Rådal, går vegen mot Flesland vidare i Råtunnelen (2,2 km).

I denne blei det nyleg gjort eit noko spennande funn.

– Såg noko som blenkte

Når det er sprengt salve i tunnelen gjeld det å få ut massane med maskin og lastebil så fort som råd, slik at ein kan bore hol til neste salve. «Stein er stein» og massane blir ikkje vurderte før utlasting og transport til stein-deponiet, skriv Statens vegvesen på sine prosjektsider.

Men ein kontrollør frå Statens vegvesen, Jens Volden, la merke til noko som blenkte i då han var inne i Råtunnelen etter ein salve.

Etter reingjering viste det seg at det var eit stort krystall-stykke han hadde kome over.

Ikkje så vanleg på Vestlandet

Funnet i Råtunnelen er ein kalkpartskrystall (kalsitt).

Geolog på prosjektet seier at det ikkje er uvanleg å finne krystall i ein del gruver, for eksempel i kalksteingruver. Men på vegprosjekt er det ikkje daglegdags, i alle fall ikkje med dei bergartane som ein vanlegvis har på Vestlandet. Det er helst i lavabergartar og granittar at krystall-stein kan dukka opp etter fjellsprenging.

Krystallfunnet frå Fana er no «arkivert» på prosjektkontoret i Fana.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell:
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.