Lokal | 12. sep. 2014

E39: Stadfestar klarsignal!

E39 Svegatjørn-Rådal: Vi følgjer pressekonferansen i Oseana, der det er stort oppmøte og svært god stemning.

E39: Stadfestar klarsignal!
Oseana i dag. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. sep. 2014 09:59

Bildeserie:

1 av 5

I formiddag fekk vi signal om dagens statsråd på Slottet ville føra til oversending av stortingsproposisjon for E39 Svegatjørn-Rådal.

– Stemninga er svært god, folk smiler og gratulerer kvarandre, fortel Midtsiden-journalist Andris Hamre på telefon før pressekonferansen starta.

Flagga på kulturhuset er heist og ordførarar frå ei rekkje kommunar er på plass.

Og no er det stadfesta.

– No har vi venta i 53 år. Det stortinget som stoppar denne sit ikkje trygt, seier ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), på pressekonferansen som starta i Oseana klokka 11.45 i dag.

Søviknes får også viljen sin, det blir ikkje førehandsinnkreving av bompengar, innkrevinga startar når vegen er opna.

Her er stortingsproposisjonen:
1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland. Vilkåra framgår av denne proposisjonen.
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

NYE FAKTA
Oppstart: 2015
Ferdig: 2021
Pris: 6,5 milliardar (2,6 i bompengar)
Pris per passering: 43 kroner
Køyretid mellom Os og Bergen: 17 minutt (mot 35 i dag)

• Ny E39 mellom Os og Bergen blir 16.250 meter, 9.200 av desse skal gå i tunnel.
• Det skal byggast totalt 18.000 meter hovudveg og 1300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.