Lokal | 21. mai 2015

– Eg blei lattermild og sjokka

Osing fekk reklame der firmaet seier tydeleg ifrå kva dei synest om vedkomande. – Dette skulle aldri skjedd, seier dagleg leiar for rørleggarkjeda.

– Eg blei lattermild og sjokka
Vil du selja noko kan det vera lurt å ta ein meir høfleg tone til kundane. (Lesarbilde av reklamebrevet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2015 06:45

Ein mann frå Os fekk nyleg post frå eit selskap han var kunde hos for mange år sidan.

– «Denne må du sjå», sa kona då eg kom heim. Eg blei lattermild, men samtidig sjokkert.

Ved namnet hans på den adresserte reklameposten sto skildringa «Ufin og vanskeleg».

– Eg reknar med at dette ikkje var bevisst frå avsendar, men eg synest jo det er spesielt både å notera denne form for eigenskap og å senda det heim til kunden.

Veit kvifor

Sjølv om det er lenge sidan han var kunde hos selskapet så har han ein mistanke om kvifor han har fått den lite flatterande skildringa.

– Det var for drygt 10 år sidan. Vi heldt på med oppussing av eit våtrom og var ikkje nøgd med korleis dei følgte opp prosjektet.

Den aktuelle butikken låg på Midttun og er no nedlagt.

– Eg hugsar ikkje detaljane, men det endte med at eg terminerte samarbeidet og sa samtidig kva eg meinte om innsatsen deira.

Ber om orsak

Reklamebrevet handla om fusjon mellom nokre rørleggarbedrifter i Bergen.

– Vi sit på kunderegister frå fleire med felles eigarskap. Sjølv om notatet ikkje stammar frå våre butikkar, men ein nedlagt butikk, vil eg på vegne av kjeden be om orsak, seier dagleg leiar for dei to Unik-butikkane som står bak utsendinga, Kjell Stunner.

– I forkant av utsendinga hyrte vi inn eit byrå for vask av kunderegisteret vårt, men av 10.500 utsendte brev har 1000-1200 kome i retur grunna feil adresse.

– I tillegg har vi fått nokre klagar. Det gjeld ikkje i denne kategorien her, men frå pårørande av tidlegare kundar som no er død.

– Har det vore vanleg praksis å notera personlege trekk hos kunden?

– Nei. For å hindra at kundar med inkassosak hos oss går og handlar i andre butikkar i kjeden på kreditt, har vi hos nokre få personar notert «inkasso» bak namnet. Men eg har aldri sett at nokon har hatt denne typen karakteristikk ved namnet sitt.

– Hadde eg sett det så hadde eg sletta det. Dette høyrer ikkje heime i eit kunderegister, seier Stunner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.