Kultur | 06. mars 2014

– Eg blir gal av Os

Christine Hope kaller opp musa si etter Mobergsvikjo. I morgon står ho på scenen i Oseana igjen.

– Eg blir gal av Os
Christine Hope justerer innsatsen etter responsen frå publikum. Sist ho var i Oseana var det fullsett sal og mykje galskap. (Foto: Helge Skodvin)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mars 2014 14:39

– Årsaka til at eg vil tilbake er publikum. Osingane var heilt fantastiske, og når dei er gal så blir eg gal, seier Christine til Midtsiden.

Showet var fullsett siste Hope var på Os, for fem veker sidan, laurdag 8. februar.

Midtsiden fekk med seg showet, der folk lo så dei hylte medan Christine kjørte som karakteren Trygve, bergensfruen "mora til Birgitte" og mora til Karoline Krüger.

Eit tettpakka show der latterkulene sit som hagl, men samtidig med fin variasjon frå det hysteriske til det harmoniske.

Roer seg kraftig ned er sydd saman med sjarm, av ei dame frå Stord som vaks opp i ein perfekt epoke for dei som vil bruka eigen ungdomstid til å vera vittig.

Frå skam til verktøy

Dei som var undgom eller foreldre til ungdom på 80-talet får ekstra valuta for showet.

Den bokstavleg talt raude tråden i showet er Christine og barndomen og ungdomen hennar, som korthåra, raudhåra gutejente.

– Då eg var i 20-åra snudde eg barnebilda av meg då eg var heime på Stord. No viser eg dei på storskjerm, så folk kan le av dei.

– Men dei ler sikkert av seg sjølv òg, mange kjenner seg nok igjen når det kjem til å sjå bilde av seg sjølv og dei stygge motane på den tida.

Karolines favoritt

Som mor til Karoline Krüger tar Christine heilt av.

Sigvard Dagsland kunne berre pella seg ut av Hver gang vi møtes, der burde heller Eirik Søfteland inn.

– Karoline og halve slekta var og såg showet mitt ein gong, og kom med fantastiske tilbakemeldingar.

– Eg trur mora hennar er stikk motsett med min versjon, som er meir som ei sunnmørskvinne på speed.

"Langt ned i Mobergsvikjo"

Og mora til Birgitte, som venta meir fart på soverommet etter at Birgitte flytta ut, er nøye med detaljane når ho skildrar utviklinga og aktiviteten i underlivet.

Kjært barn får mange namn, musa til Hope blir oppkalla etter fleire lokale stadnamn. For sjølv om innhaldet er grovt, er språkbruken passande for ei pen bergensfrue.

Vil selja 200 billettar på 24 timar

Det er selt nærmare 200 billettar til morgondagens show.

– Folk ser at det er ledig og kjøper i døra.

– Berre vent, vi sel 200 billettar til det neste døgnet, og uansett, viss publikum e' lika galne som sist, så skal vi få ein kjempekveld i morgon.

– Å stå på scenen er som å spela tennis. Får du mykje respons så fleskar du til, er det mindre liv i salen så justerer du deretter, seier Hope.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.