Næringsliv | 13. okt. 2017

– Eg er glad og redd

Den nye kinarestauranten på Os fekk ein heilt annan start enn eigarane hadde venta.

– Eg er glad og redd
Lei Zhang fortel om høge besøkstal og noko låg kapasitet på delar av kjøkkenutstyret, men håper gjestane held ut ventetida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. okt. 2017 12:52

Torsdag i førre veke opna Rice Restaurant i Brugata.

• Les òg: Midtsiden var på prøveopning onsdag

Sidan har restauranten vore smekkfull kvar ettermiddag.

Uventa bråstart

Den nye kinarestauranten er eigd og driven av ekteparet Lei Zhang og XiaoBo Wen. Zhang er utdanna innan økonomi, Wen er utdanna kokk og har jobba innan faget i nesten 30 år. Den første veka har nesten tatt pusten frå ekteparet, som flytta til Os med dottera si i august i år.

– Vi koser oss i Os og har gått litt turar i sentrum etter at vi flytta her. Det såg så roleg ut at vi tenkte at vi kom til å få god til å snakka med gjestane og til å ta oss godt av kvar enkelt, fortel Zhang.

No blir ho nesten blir redd når ettermiddagen nærmar seg og restauranten blir fylt opp.

– Kvar dag, spesielt mellom klokka 16 og 20, har vi hatt full restaurant. Folk har måtta snu i døra og fleire av gjestane har måtta venta altfor lenge på å få maten på bordet.

Beklager - og forklarer - ventetida

Restauranten har plass til rundt 45 gjestar, og ein full restaurant er som oftast ein travel restaurant.

– Kvar dag må eg beklaga ventetida ovanfor gjestane. Eg håper berre at dei forstår, og eg vil at dei skal veta at det er fleire årsaker til at ting tar lengre tid enn både dei og vi ønskjer.

I tillegg til at restauranten er heilt ny, og betre besøkt enn drivarane hadde venta, har noko av kjøkkenutstyret for låg kapasitet.

– Frityrgryta bruker lang tid på å bli varm mellom kvar rett, og komfyren har berre to bluss. Vi har vore i dialog med leverandøren, for å undersøka kva som skal til for å få betra kapasiteten, men det er haustferie no og litt vanskeleg å få hjelp med éin gong.

– Samtidig er alle system, og bemanninga vår, heilt nye. Vi takkar alle gjestane våre, både for fine tilbakemeldingar og for at dei viser tolmod, og vi håper at dei held fram med å venta i dei travlasta tidene.

– Vi ønskjer å bli betre, både med utstyr og bemanning, men det kan ta nokre veker. I mellomtida vil vi ikkje ta snarvegar når det kjem til maten, å servera kvalitet har førsteprioritet for oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.