Kultur | 18. aug. 2014

– Eg fekk adrenalinsjokk

... men Fredrik omsette energien til taktfast framsyning og imponerte dommarane. Her kan du sjå osingen sin audition.

– Eg fekk adrenalinsjokk
Fredrik D. Kristiansen på audition. (Foto: Roy Darvik/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. aug. 2014 20:13

I kveld gjekk Fredrik Dahle Kristiansen (21) frå Søfteland på scenen som førstemann i Idol 2014.

Les intervju og sjå Fredrik sin eigenproduserte musikkvideo.

– Eg var eigentleg ikkje så veldig opptatt av å gå vidare. Det eg brydde meg mest om var å få ærlege tilbakemeldingar, fortel Fredrik

Kurt Nilsen løfta begge armane i vêret i begeistring over stemma til søftelendingen og alle dommarane sa ja til å senda osingen vidare.

Skjelven i knea

– Eg var naturlegvis spent på kva dei synest om meg, og eg fekk eit lite adrenalinsjokk då eg sto framfor juryen.

«Eg trudde du skulle gå i bakken» sa Nilsen. Men skjelvinga i knea gav seg.

Det vi ikkje fekk sjå på TV var at Kurt sa at det same har skjedd med han «tusen gongar før», og gav Fredrik eit tips om i «rista det av seg» ved å bevega på beina.

Fredrik fekk orden på fotarbeidet og song seg stødig gjennom «God is gonna cut you down».

– Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av sjølve framføringa mi, eg hugsar berre at eg fekk gitaren i gang og at resten gjekk av seg sjølv. Og så var eg letta og glad då eg fekk så fine tilbakemeldingar, seier Fredrik til Midtsiden.

Stor stemning i heimen

Sjølv om Fredrik ikkje er komfortabel med å høyra opptak av seg sjølv såg han på dagens sending – og i godt selskap.

– Veslesøstera mi har bursdag så vi hadde ein god gjeng på besøk og såg Idol saman.

Det blei god stemning i heimen. Og på mobilen.

– Eg er heilt overvelda av alle dei fine meldingane eg har fått, seier ein glad og takksam Idol-deltakar.

På TV2.no kan du sjå Fredrik sin audition.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.