Lokal | 11. jan. 2017

– Eg har hatt det veldig godt

Trass oppturar og nedturar gjennom det 100 år lange livet oppsummerer Annemor Tysnes med at ho har hatt det veldig godt.

– Eg har hatt det veldig godt
Bursdagsbarn må sjølvsagt ha krone. Annemor Tysnes har ei av dei unike, som barnebarn, oldebarn og tippoldebarn kom med på 100 årsdagen hennar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2017 20:27

8. januar 1917 blei ein jentebaby fødd på Tysnes. Søndag feira 70 familiemedlemmar og venar Annemor Tysnes sin 100-årsdag i Kyrkjelydshuset på Osøyro.

– Det blei heldigvis mange som kom og det var mange av dei som ikkje hadde sett kvarandre før, fortel Annemor når Midtsiden møter ho heime i Banktjørnhaugen onsdag ettermiddag.

I dag har ho tre soner, seks barnebarn, ni oldebarn og tretten tippoldebarn.

– Heilt frå Sverige kom eitt av barnebarna mine med sin tre born, smiler Annemor, som fortel at ho anka på om det ville komma nokon å feire den runde dagen.

Fekk helsing frå konge og ordførar

Det var ikkje berre familien som ville feira jubilanten. Kong Harald sendte ei personleg bursdagshelsing i posten og ordførar Marie Bruarøy kom innom med ei blomsterhelsing frå kommunen.

– Marie var ei hyggeleg jente. Eg visste ikkje kven ho var, men ho var triveleg å prata med og det viste seg ho har vore frisøren til syster mi. Eg må innrømma at eg hadde håpa at Søviknes skulle komma, men det blei jo ikkje slik når han måtte reisa til Oslo, men eg tykkjer det er kjekt å sjå han på TVen, seier den kvikke jubilanten som følgjer godt med heime i stua.

Fekk ikkje bygga hus

Annemor fortel at livet ikkje berre har vore ein dans på roser og at ho har hatt sine tøffe tak.

– Eg hadde ein mann som var sjuk i 28 år før han døydde i 1967. Då sto eg med eineansvar for gutane.

– Eg hadde ei tomt i Gamle Finnebrekka, men det var ingen som tok ei einsam dame seriøst, så eg fekk ikkje bygga. I staden kjøpte eg huset her i Banktjørnhaugen og har hatt det godt her sidan.

Strikka og jobba på Irisen

Huset har sonen Inge tatt over og i kjellaren har dei innreia leilegheit til Annemor. Før ho flytta opp der budde familien i gamle smio på Osøyro, der Jernia i dag held hus.

– Då eg blei aleine måtte eg ut i arbeidslivet og fekk jobb på Irisfabrikken kor eg var til eg gjekk av med pensjon. Det er synd ikkje irisfabrikken finst lenger. Det skulle vore fleire industriarbeidsplassar i Os. Irisfabrikken var jo ein kvinnearbeidsplass, fortel Annemor, som sjølv jobba der som syerske.

– Men du jobba jo før det òg, skyt sonen Inge inn.

– Jo eg gjorde jo det. Eg strikka for Norsk Småindustri. Eg fekk garn tilsendt, så strikka eg barnegenserar og labber som eg reiste til byen og leverte. Dei dreiv eksport av klea, men eg veit ikkje til kor.

– Ein gong eg var inne der var Inge med meg. Dama som tok i mot strikketøyet sa til Inge; "Ja, du har vel mykje fint strikkatøy du.", men det var ikkje han samd i og svara nei. Sanninga var vel heller at han lei ingen naud, smiler Annemor.

– Strikkar du framleis?

– Nei, eg ser ikkje så godt lenger. Det er vel fem - seks år sidan eg gav meg. Då kom eg meg ikkje lenger til Os for å kjøpa garnet eg ville ha.

Gjekk til og frå jobb

På spørsmål om kva ho har gjort for å halde seg i så god form fortel ho at ho eigentleg ikkje har gjort noko spesielt.

– Eg har aldri drive med idrett eller helsefremjande ting, men eg har vore glad i å gå og gått mykje.

– Du gjekk jo alltid til og frå jobb på Irisfabrikken og handla mat på veg heim, skyt Inge inn.

– Jo, eg gjorde jo det. Då var det jo ikkje butikk her oppe, så då måtte eg handle hos Drageset eller Hylland på Osøyro, så var det å løpe etter bussen for å rekka den. Om eg ikkje gjorde det, så var det berre å bera varene heim, fortel ho.

– Eg har aldri hatt førarkort. Ikkje mannen min heller. Han ville heller ha båt enn bil, så då blei det slik.

Stolt av etterkommarane

Med sonen og familien i same hus har Annemor vore med på å oppdra dei tre døtrene til Inge.

– Du veit då eg var lita, så skulle vi holde oss nede og ikkje blanda oss i det dei vaksne haldt på med. Eg meiner ein skal følgje opp ungane sine og snakka med dei. Det freista eg å gjera med barnebarna utan å ta rolla til forelda. Men det har vore heilt fantastisk å få lov til å følgje dei opp gjennom barndommen og ungdommen.

– Eg må få lov å seie eg er stolt av barnebarna mine. Dei har skikka seg vel, fått seg utdanning, jobb og klarar seg bra, smiler ho.

Lillemor og lille venn

Smiler gjer Annemor mykje. Nettopp det gode humøret trur ho har vore med på å gjera at ho søndag kunne feira 100 årsdagen.

– Eg måtte ein tur på Luranetunet etter at eg braut eit bein i foten her tidlegare. Då eg var der kom dei ei skjønn lita sjukepleier bort til meg og sa ho hadde så lyst til å kalla med Lillemor. Det var heilt greitt det, berre eg fekk kalla ho lille venn, og slik blei det, ler ho hjarteleg før ho oppsummerer med at ho har hatt ein grådig god alderdom.

– Korleis planlegg du dei neste 100 då?

Igjen ler Annemor.

– Det har vore eit liv med motbakker og medbakker, men no flyt det stilt og fint alt saman. Eg håper det fortsett slik, så får vi ta det som det kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.