Kultur | 20. okt. 2014

– Eg klarte ikkje slutta å le

Linda Ullensvang vann buss- og båttur til Danmark – for 50 personar!

– Eg klarte ikkje slutta å le
Linda (innfelt) kan ta med seg 49 venar og familiemedlemmar, bli henta i Os med buss og kjørt til Danmark og heim med båt, heilt gratis. (Foto: Øyvind G. Eknes/Fjord Line/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 11:54

Ho innrømmer at ho var litt skuffa etter at ho og dottera Kine, som fyller 11 år i år, ikkje blei trekt ut som vinnarar av Danmark-tur for fire personar då Fjord Line hadde ein stor stand med aktivitetar på AMFI Os i slutten av september.

Les òg: Vil henta osingane med buss

Men overraskinga var stor då ho, i arbeidstida, per telefon fekk opplyst at ho hadde vunne hovudpremien:

Fyll ein buss med 50 passasjerar og ta dei med på gratis cruise til Danmark!

«Kva har skjedd» spurde kollegaene som fekk med seg den noko spesielle telefonsamtalen.

«Eg har vunne danmarkstur. Til 50 personar», svarte Linda.

– Først trudde eg at dei tulla, men då eg forsto at det var sant så byrja eg berre å le.

– Éin ting er å vinna tur, men å vinna ein heil buss fylt med gratispassasjerar er ikkje berre kjekt, det er utruleg vittig, synest Linda.

Fyller 40 år i desember

Då dottera Kine fekk høyra om premien kom ho raskt med forslag til korleis mamma skulle bruka reisa ho hadde vunne.

«Då kan du jo feira 40-årsdagen din på båten», meinte ho. Og sånn blir det.

– Dato er ikkje bestemt enno, så det er litt usikkert kor mange vi blir. Men eg er meir opptatt av at vi blir ein gjeng med familie og venar som passar saman, enn om vi blir full buss eller ikkje.

Reisa må ho ta ein gong frå januar til mars. Sjølv får ho oppgradert lugar.

– Kine blir nok den yngste på turen, men vi tar med fleire ungar, så det blir ikkje ein rein partytur.

– Sjølv har eg ikkje reist med danmarksbåten sidan eg var liten, så eg gler meg veldig, seier Linda Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.