Hafsås var langt nede etter straffemiss på overtid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg svikta då det gjaldt som mest

Hafsås brente straffe på overtid då Os tapte 2-3 for Herd.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os - Herd 2-3 (1-1)
Målskårarar, Os: Marius Mikkelsen og Christoffer Hafsås
Os: Thomas Hille - Torkel Hjertnes, Alexander Dale (Adrian Valle), Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Hassan El Fakiri, Ole Martin Kolskogen (Rafael Villén) - Marius Mikkelsen, Aleksander Tøssebro (Torgeir Lunde) - Øystein Takle Eide (Anders Havsgård) og Christoffer Hafsås.
Gule kort, Os: Knut Spangelo Haga og Christoffer Hafsås

Os spelte i dag sesongens nest siste heimekamp. Borte mot Herd blei det 1-1, i dag tok Os leiinga i 17. minutt.

Herd overtok i 2. omgang, leia 1-2 i 66. minutt før Os utlikna i 73. minutt. Tre minutt før slutt gjekk Herd opp i 2-3.

– Planen var å variera, å veksla mellom innlegg frå kant og å vera meir direkte, med spel i bakrom. Det blei noko vanskeleg, då Herd la seg så lågt, samtidig var det rom nok på sidene til at vi kunne kome til fleire innlegg.

– Eg føler det blei noko nervøst og krampeaktig over det i dag, seier spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri etter kamp.

– Kan ikkje hugsa sist eg missa

På overtid fekk Os straffe, då ein Herd-spelar klatra på Hafsås.

Hafsås, som både hadde assist på 1-0 og som utlikna til 2.2, plasserte ballen bra, men Herd-keeperen satsa, gjekk rett veg, og boksa ballen ut mot sidelinja.

– Dette var tungt, eg svikta då det gjaldt som mest. Herd har ein god keeper, men eg burde sett denne, seier Christoffer til Midtsiden etter kamp.

Han kan ikkje hugsa sist han missa på ein straffe.

Mista grepet

1-0 kom på eit fint angrep frå Os si venstreside. Knut Spangelo Haga la inn i boks, en feilvendt Christoffer Hafsås la opp til Marius Mikkelsen som skåra i 17. minutt.

Hafsås var sjølv åleine med keeper i 22. minutt og Takle Eide hadde innlegg gjennom tom boks i 24. minutt. I 29. minutt skapte Herd eit brot på midtbanen, Emil Fosse sprang over heile banen og la inn til Markus Refsnes som utlikna.

Os hadde sine feilpasningar, men såg ut til å ha grepet om kampen både i første omgang og fram til rundt 60. minutt.

– Dei låg lågt og venta på våre feil. Vi mista etterkvart energien i spelet vårt. No får vi ein tøff innspurt, seier El Fakiri.

Os ligg på 9. plass, eitt poeng framfor Førde før dei speler mot Aalesund 2 på måndag. No har Os to bortekampar på rad, mot Haugesund 2 og Aalesund 2, før dei avsluttar sesongen på heimebane mot Brattvåg.

Tabell og terminliste.