Kultur | 22. aug. 2017

– Eg trudde alt håp var ute

Det blei spennande til siste strofe då Elias i kveld song seg vidare i The Voice.

– Eg trudde alt håp var ute
Elias Grimstad Salbu. (Foto: Robert Dreier Holand, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. aug. 2017 20:06

Elias Grimstad Salbu (18) frå Os er som kjent ein av deltakarane i årets The Voice på TV2.

Etter sesongstart i går viste TV2 i kveld runden der Elias song for mentorane; Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og Martin Danielle.

18-åringen frå Os, som er elev ved Kongshaug Musikkgymnas, song på norsk, «Riv i hjertet» av Sondre Justad.

– Eg var veldig nervøs og det blei ikkje betre av at dei aldri snudde seg, seier Elias.

På førehand hadde han håpa å få Morten eller Yosef som mentor, men om ingen snur seg er du heller ikkje vidare.

Mentorane sat med ryggen til og såg både nysgjerrige og nøgde ut, men først på tampen av siste strofe høyrde vi lyden av at nokon pressa inn knappen så mentor-stolen snudde seg.

Elias er vidare og får Morten Harket som mentor!

På TV2.no kan du sjå Elias si framføring

– Eg trudde alt håp var ute, og blei utruleg overraska og glad då Morten snudde seg, seier Elias til Midtsiden etter sending i kveld.

Han har måtta halda resultatet frå audition i april for seg sjølv og såg sendinga saman med «120» medelevar i éin sofa.

– Det var ein stor gjeng som hadde samla seg i eit fellesrom, men der fekk vi ikkje sendinga til å fungera. Rett før det starta sprang vi inn på eit lite rom med TV, og der blei vi sitjande svært tett.

Steninga var god og no kan Elias og venane på Kongshaug gle seg til sending av dei neste rundane før han, om han har gått vidare, skal til livesending der osingane og fans frå andre stadar kan stemma han vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.