Sport | 22. okt. 2014

– Eg veit ikkje om Robert er god nok

MidtsidenCup: Gatecup-heltane frå 90-talet, Aust om Elvo, var så gode at dei måtte legga opp. No gjer dei comeback, med ein tittelforsvarar på laget.

– Eg veit ikkje om Robert er god nok
Robert Nøss har vunne MidtsidenCup fleire gongar. I år er han med på eit lag han aldri klarte å slå, Aust om Elvo. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. okt. 2014 20:59

Det er to døgn til påmeldingsfristen til årets MidtsidenCup går ut og rundt 25 lag påmeldt til no.

Midtsiden samleside: MidtsidenCup

Blant dei påmeldte er fleire tittelforsvarar og semifinalistar frå i fjor, men også nokre spennande comeback.

T Ullrich, som vann MidtsidenCup i 2012 og 2011, var vekke i fjor, og ein annan tidlegare vinnar av herreklassen, Vågshaugen City, stakk av med sigeren i herrar elite.

Over 10 år sidan sist

I år er familien Skjelde og resten av T Ullrich tilbake, men eit minst like sprekt comeback er legendene i Aust om Elvo.

Aust om Elvo vann gatecupen år etter år før den fekk namnet MidtsidenCup, altså før 2003. Åra i forvegen kom motstykket, forgjengaren til Vågshaugen City, Vest om Bekken, men Robert Nøss med mannskap klarte aldri å ta rotta på dei rutinerte gubbane frå austsida av Oselvo.

– Til slutt blei det rett og slett sånn at vi måtte legga opp for at andre skulle sleppa til, forklarer Kjell Morten Søvik.

Han har tatt initiativ til å samla saman troppen igjen, og keeper Valter Midtsæter, lagleiar Kjell Arne Hjelle og stjedno Robert Matre er på plass.

– Vi er stort sett gutar frå 50 til 60 år, så vi siktar oss inn på amatørklassen. Vi har fått med nokre unngutar, Tommy Hjelle og Robert Nøss. Eg er litt i stuss om Nøss'n er god nok, men han kjem frå Hegglandsdalen og det er aust nok, seier Søvik.

– Ei stor ære å få vera med

Nøss sjølv er audmjuk og takksam for den midlertidige kontrakten han har fått.

– Med tanke på dei legendene som har spelte på dette laget, spelarar som Leif Østrem, Frode Heggland, Stein Ole Moberg, Atle Bø og Steinar Trovåg er det ei stor ære.

– Eg vil samtidig takka foreldra mine, Leikny og Walfred, som let meg veksa opp i trygge omgjevnadar aust om elvo, seier Robert.

Han seier han også har stor respekt for lagleiar Kjell Arne Hjelle og oppmann Ronny Sivertsen.

– Samtidig er det kanskje naturleg at dei spør meg, sidan eg er den mestvinnande spelaren i gatecupen gjennom tidene, legg han beskjedent til.

MidtsidenCup blir spelt tysdag og onsdag 4. og 5. november med sluttspel laurdag 8. november. Banketten blir på Solsiden.

Midtsiden samleside: MidtsidenCup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.