Lokal | 21. mars 2018

– Ei heilt naturleg nedtrapping

Tor Egil Hylland er glad for støtta til Osfest og forstår at kommunen må nullstilla seg før kommunesamanslåinga.

– Ei heilt naturleg nedtrapping
Tor Egil Hylland er glad og takksam for den økonomiske støtta, men ønskjer seg ei avklaring på kor festivalen kan halde hus i åra som kjem (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2018 10:49

I formannskapet tysdag beslutta politikarane å gje 250.000 kroner i støtte til Osfest 2018. Samstundes gav dei eit tydeleg signal på at festivalen ikkje kan venta seg meir enn halvparten i 2019 om dei søkjer, og at tilskotet vil bli tilnærma nulla ut i 2020 grunna samanslåinga med Fusa kommune.

– Det har eg stor forståelse for. Det er heilt naturleg at kommunen treng å nullstilla seg og at ein treng å sjå korleis ein skal gjera det når den skal bli Bjørnafjorden kommune.

– Vi er sjølvsagt svært takksame for den støtta vi får i år, og den åpenheten og dei tydelege signala som kjem om kva vi kan venta oss i 2019. Det gjeve oss eit grunnlag for å planlegga vidare, seier Festivalsjef Tor Egil Hylland.

Har vist raushet

Hylland takkar kommunen for den generøsiteten kommunen har vist siden festivalen starta.

– Eg vil berømma dei for alle tilskota dei har gitt oss opp gjennom åra. At vi også i år får støtte er fantastisk flott. 250.000 kroner er mykje penger, samstundes så er det berre ein mindre del av budsjettet på fire-fem millionar, men det er viktige pengar fordi dei kjem no, og ikkje etter festivalen.

– Det gjer at vi har midler til å betala upfront til artistane som skal ha honorara før dei går på scenen.

– Det gjer óg at vi kan halde på det gode vi har hatt kvart år at alle under 13 år kjem gratis inn på festivalen. Hadde vi ikkje fått støtta frå kommunen, så hadde vi vore nøydd til å sjå på om vi hadde hatt råd til å halde på den ordninga.

– Støtta er viktig, men det aller viktigaste for oss er at publikum kjem og støttar opp om festivalen. Dei største inntektene får vi nemleg frå billettsalet, så det er det festivalen står og fell på. Vi må berre helde fram med å levere, slik at folk vil kjøpa billett, seier Hylland.

Er løysingsorienterte og imøtekommande

I tillegg til å vera glad for den økonomiske støtta frå kommunen, trekk Hylland fram alle dei tilsette i kommunen som hjelper til med å sørgje for å få stengt vegar og lagt forholda til rette.

– Eg føler vi har ein god dialog med kommunen på alle områder, anten det er å sperre veger, bruke ungdomsskulen eller det er andre ting vi treng hjelp frå. Vi opplever at alle viser ein enorm vilje til å hjelpa oss og er løysingsorienterte når det er noko.

Treng ei avklaring

Sjølv om samarbeidet er godt og dei får ei økonomisk støtte er det eit område som uroar festivalsjefen.

– Den største utfordringa, og noko av det mest kritiske for oss er lokaliseringa. Vi opplever at vi aldri har fått eit klart signal på kor lenge vi kan vera på grusplassen. Når byrjer det å skje byggjearbeider i området, og kva område vil i så fall vera tilgjengeleg for oss?

– Vi treng ein langsiktig plan, slik at vi allereie no kan byrja arbeidet med å snakka med artistar og management for 2019 og 2020, men då må vi vita at vi har ein plass å arrangere festivalen anten det er i sentrum, på Kuventræ eller andre stader i kommunen.

– Aller helst skulle vi ha hatt eit fem til ti årsperspektiv på kor vi kan vera, avslutter Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.