Lokal | 12. mai 2015

– Ei meiningsfull og god oppleving

Sjå 40 bilde frå Erik Walden og NORSAR si reise til Nepal.

– Ei meiningsfull og god oppleving
Leiar for NORSAR, Ove Syslak i midten i blått. Nestkommanderande Erik Walden til venstre. (Privat foto/Erik Walden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2015 12:08

Bildeserie:

Den første leiren. Katmandu i bakgrunnen. (Privat foto/Erik Walden)

Katmandu var ikkje så hardt ramma, men det var i hovudstaden dei fann kvinna i ruinane. (Privat foto/Erik Walden)

Arabarane hadde dyrt utstyr med seg, blant anna bilane i bakgrunnen. (Privat foto/Erik Walden)

Den norske leiren. (Privat foto/Erik Walden)

Eitt av tre telt til overnatting. (Privat foto/Erik Walden)

EU- og FN-toppar på besøk. (Privat foto/Erik Walden)

Den norske ambassaden var til god hjelp. (Privat foto/Erik Walden)

NORSAR er sjølvhjelpen med utstyr, mat og vatn. (Privat foto/Erik Walden)

NORSAR sitt ko. (Privat foto/Erik Walden)

Felles pissoar på tørr og hard jord var ikkje noko for NORSAR, som sette opp sitt eige toalett. (Privat foto/Erik Walden)

– Nepal er eit nydeleg land, synest Erik. (Privat foto/Erik Walden)

Ei av fleire kveldssamlingar. (Privat foto/Erik Walden)

Hovudbasen for heile leiren. (Privat foto/Erik Walden)

Klargjering for avreise til Chautara. (Privat foto/Erik Walden)

Erik tok med den norske repeateren (signalforsterkar), som sto på ein brannstasjon i nærleiken. (Privat foto/Erik Walden)

Noko for Gjøsund? Ikkje noko å seia på bilparken ved stasjonen. (Privat foto/Erik Walden)

Oversikt over redningslaga. Legg merke til kinesiske droneekspertane «Human in love» (Privat foto/Erik Walden)

Liten landsby - stor gudinne. (Privat foto/Erik Walden)

Langs vegen: Tett leidningsnett, men ingen skjorareir. (Privat foto/Erik Walden)

På veg til gjenoppbygging? (Privat foto/Erik Walden)

Kiosken på ein bensinstasjon. (Privat foto/Erik Walden)

Toaletta. (Privat foto/Erik Walden)
Toaletta. (Privat foto/Erik Walden)
Fleire stadar hadde innbyggarane flytta inn i provisoriske telt, som nær dette vegkrysset. (Privat foto/Erik Walden)

NORSAR blei hindra av punktering. (Privat foto/Erik Walden)

Enkelte brukte pausen til å ta eit bad. (Privat foto/Erik Walden)

Så møtte dei dette jordskredet. (Privat foto/Erik Walden)

Sjølv om det var bratt utfor, kjørte fleire forbi skredet. (Privat foto/Erik Walden)

Også større bilar tok sjansen på å passera. (Privat foto/Erik Walden)

Så kom gravehjelpa. (Privat foto/Erik Walden)

I løpet av ventetida blei det omgang med lokalbefolkinga. (Privat foto/Erik Walden)

Nokre motorsyklistar og ei sterk kvinne venta på å passera. (Privat foto/Erik Walden)

Dei fleste førarane hadde hjelm. (Privat foto/Erik Walden)

Ved å tjuvkobla ein trafokiosk fekk denne gjengen lada mobilane sine. (Privat foto/Erik Walden)

Her blei dei sjuke tatt hand om før NORSAR kom. (Privat foto/Erik Walden)

Einsame ungar blei samla i eige telt. (Privat foto/Erik Walden)

Chautara var meir prega av skjelvet. (Privat foto/Erik Walden)

Her blei både hus og bil totalskadd. (Privat foto/Erik Walden)

Folk tok vare på det dei hadde igjen av dyr og utstyr. (Privat foto/Erik Walden)

Ein lokal traktor. (Privat foto/Erik Walden)

Ungar helste på ein av dei norske redningshundane. (Privat foto/Erik Walden)

I denne tropiske landskapen lever det også tigrar. (Privat foto/Erik Walden)

Feltsjukehuset. NORSAR sette igjen lagtelta (nærmast t.h.) så Røde Kors kan bruka dei. (Privat foto/Erik Walden)

Siste kveld blei på eit fint hotell. (Privat foto/Erik Walden)

Omkrinsa av høge toppar. (Privat foto/Erik Walden)

– Eg reiser gjerne på oppdrag med NORSAR igjen, seier Erik Walden. (Privat foto/Erik Walden)

1 av 45

Før helga kom Erik Walden og resten av den norske spesialeininga for søk og redning, NORSAR (Norwegian Search and Rescue), tilbake etter 10 dagar med vellykka innsats i jordskjelvramma Nepal.

I Nepal, som i dag blei ramma av nye jordskjelv, der det ifølgje VG førebels er tre drepte og 300 skadde, står det igjen eit feltsjukehus som NORSAR rigga i rekordfart.

– I tillegg til kvinna vi berga levande ut frå ruinane kjennest det godt at vi fekk opp sjukehuset så raskt. Normalt ville det tatt ei veke, vi fekk det opp på to dagar. Allereie første dag tok Røde Kors seg av 200 pasientar, seier Erik Walden.

NORSAR er rusta for søk og redning og rykker ut med alt utstyr dei treng til 10 dagar, inkludert mat og drikke. For å unngå å bli sett ut av spel, og å ta av lokalbefolkinga sine ressursar, har dei med seg alt dei treng. Bortsett frå drivstoff og transportmiddel.

– Vi var 35 frå NORSAR som reiste, i tillegg til redningshundane vi hadde med, og gruppa var samansett og hadde brei kompetanse, frå søk og redning til helse og medisin. Det var godt å sjå korleis vi kunne ha ein funksjon også etter at første innsats med søk var over.

Noreg sin viktige posisjon

Walden, som var nestkommanderande, var ikkje like mykje ute i felten som fleire andre.

– Som stabsmedlem var eg litt ute, men mykje i leiren dei første dagane. Men då vi reiste nordaust for å bygga sjukehus, og brukte 7 timar på å reisa 8 mil, fekk vi alle oppleva folk og landskap ganske tett på.

– Innsatsen med å redda ut den levande kvinna var krevjande for dei involverte. Men sjølv følte eg aldri at vi var utsett for nokon særleg risiko eller misnøye frå innbyggarane, slik det gjerne var då eg var NATO-soldat i Kosovo. Det einaste snev av misnøye vi spora var då vi kom fram til Chautara, der sjukehuset skulle byggast. Eg fekk ikkje med meg kva som blei sagt, men sjåførane våre følte seg truga. Innbyggarane meinte dei burde fått hjelp tidlegare og var frustrerte.

– Men Noreg har eit godt omdømme ute i verda. Redningslag frå fleire andre land måtte vera varsame med kvar dei opererte, enkelte nasjonar var uønska.

– Det var nok medverkande årsak til at det var NORSAR som blei sendt inn for å bygga dette sjukehuset.

Imponert over den norske medic-en

Då den levande kvinna blei funnen viste det norske laget seg også som ein brubyggar.

– Det var franske og israelske redningslag på staden frå før. Med avansert utstyr for oppfanging av lyd hadde dei funne spor av liv. Men redningslaga krangla om vegen vidare.

– Det betyr mykje for kvart redningslag å visa resultat, men vi ville heller at alle skulle jobba saman. Israelarane ville låna vårt redningsutstyr i staden for å ta imot hjelp av oss. Det var uaktuelt.

Erik er imponert over korleis hans eigen «medic» løyste saka.

– Medic-ane har eige emblem på skuldra som viser at dei er medisinsk ansvarleg for sitt lag. Vår mann reiv dette av seg, heilt spontant, og dei to andre blei ståande heilt perpleks mens han også reiv av deira jakkemerke. Så rullerte han emblema, så alle fekk eit anna enn sitt eige, og sa «We are one team». Så gjekk dei inn og redda kvinna.

NORSAR si facebookside finn du meir om innsatsen og lenkjer til presseomtale og intervju med Lindmo på NRK.

Reiser gjerne ut igjen

Til heimreisa fekk NORSAR det som dei ville, dei fekk same chartra fly frå Norwegian med same mannskap om bord.

– Det var meininga at vi skulle ta rutefly heim, men vi hadde hundar, tung bagasje og tunge arbeidsøkter bak oss. På veg ned fekk vi fantastisk service av Norwegian, der piloten handhelste på kvar og éin og flyvertinnene varta oss opp med mat, drikke og frukt.

Det skal ha vore rundt 200 flyvertinner som meldte seg for å vera med og henta dei norske heltane heim, men same crew stilte i Katmandu, på bestilling.

– Det blei lite kvile og søvn i Nepal. Det å få god mat og god plass, at vi kunne legga oss ned på ein tresetar og sova litt, betydde mykje.

Heime blei dei tatt imot av utanriksminister Børge Brende (H). Så fekk dei nye klede av «heimegruppa» i NORSAR, ein dusj på hotellet på Gardermoen og debriefing før heimreise til Vestlandet for dei fire frå Hordaland.

– Eg angrar verkeleg ikkje på at eg takka ja til å reisa. Det kjennest godt å ha vore til hjelp, det har vore lærerikt og vi 35 som reiste har blitt endå betre kjent.

– Eg reiser gjerne på oppdrag med NORSAR fleire gongar, seier Erik Walden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.