Lokal | 08. sep. 2014

– Ei oppleving du seint vil gløyme

Statsraad Lehmkuhl seglar i juni neste sommar tur-retur Shetland frå Os. – Turen er spesialsydd for osingar, fortel direktør Anders Lekven.

– Ei oppleving du seint vil gløyme
Os kommune med varaordførar Marie Bruarøy (H) og ordførar Terje Søviknes (Frp) ser fram til samarbeidet med Statsraad Lehmkuhl og direktør Anders Lekven (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. sep. 2014 14:19

Vitjinga Statsraad Lehmkuhl gjorde på Os i sommar blei ein så stor sukess at ein no vil ta samarbeidet mellom den stolte skuta og kommunen eit steg vidare.

– Planen blei eigenleg spikra frampå dekk under kveldscruiset då vi var her i sommar. Vi måtte berre få detaljane på plass.

– Søndag 21. juni til neste år kjem vi til Os for å ta osingane med oss tur-retur Shetland, fortel Anders Lekven, direktør i stiftinga Statsraad Lehmkuhl.

Turen går frå sundag til torsdag, med halvanna døgn på sjøen for ein får eitt døgn på Shetland før returen.

Ikkje ein vanleg ferietur

Osingane som kjøper seg plass ombord, får ei oppleving dei seint vil glømma, lovar direktøren.

– Dei som mønstrar på blir eindel av mannskapet og får oppleva det å sova i hengekøyer og sovepose i banjeren, stå i kø til mat, dusj og toalettbesøk og ikkje minst gå vakter ombord.

– For oss er det ein normal tur, som vi gjer fleire av i året, både for skuleklasser, folkehøgskuler og andre grupper.

– Vi er vel det skipet med flest anløp på Shetland i løpet av året, fortel direktøren, som raskt regnar seg fram til at denne sesongen har dei vore over der omlag ti gonger.

– Programmet på Shetland er ikkje spikra, men det blir moglegheit til både sightseeing, shopping og å oppleva dei lokale serveringsstadane.

Utkikk og rorvakt

Direktøren fortel at mannskapet skal gå vakter etter den vanlege turnusen.

– Det betyr fire timar på og åtte timar av.

– I løpet av dei fire timane byttar dei på å bemanna dei fire faste postane.

– De skal få prøva seg som rorvakt – kor dei under kyndig veiledning styrar skuta, utkikksvakt – kor dei står i bauen og speidar. Det er faktiske ei særs viktig oppgåve, for dei som står til rors ser ikkje om det ligg bruk eller anna i sjøen framfor skuta.

– Vi tek tryggleiken veldig alvorleg, så dei to siste postane er bøyevakt akterut - kor ein har ansvaret for å sjå at det ikkje dett nokon på sjøen, og om det skjer kasta livbøya til dei, og brannvakt, kor ein går faste runder for å sjå at alt er i orden, forklarar Lekven.

Heising og firing av segl kan ein òg få prøva seg på om ein vil.

Vil satsa på ungdom

Den fem dagar lange turen passar i følgje direktøren for alle frå 12 år og oppover.

– Den eldste vi har hatt med oss i år var ein kar på 93 år. Han hadde vore kadett ombord i 1956 og hadde drøymt om å segla med oss igjen, og i år fekk vi det endeleg til. Han gjekk vakter som alle dei andre ombord.

– Dei som er under 15 år må ha med seg føresette, men har dei fylt 15 år og har skriftleg løyve frå foreldra, så tek vi ansvaret for dei.

– Turen kostar eigentleg 5 500 kroner, men styret vårt har bedt oss om å gjera 2015 til ungdomens år, så vi kjem til å gje dei under 25 år halv pris.

– Dette gjer vi for at den oppveksande slekt skal få oppleva og læra meir om kystkulturen og sjøfartshistoria.

– Vi opnar salet på torsdag på heimesidene våre. Då er det berre å melde seg på. Det er først til mølla, fortel Lekven, som har 135 plassar ombord.

Vil feira frigjeringa

Før Statsraad Lehmkuhl set kursen mot Shetland frå Os, har ho allereie vore på vitjing ein gong tidlegare på våren.

– Til neste år er det jo 70 år sidan 2. verdskrig slutta.

– Statsraaden kjem til Os på frigjeringsdagen 8. mai og det vil vi markera.

– Vi har lyst til å få til eit arrangement litt etter same lest som i fjor, men som òg fevnar frigjeringsjubileet og heidrar veteranane våre, både dei som opplevde 2. verdskrig og dei veteranane som har vore ute i internasjonale oppdrag, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Dessuten er jo den turen eindel av Hardangertoktet til Statsraaden, så det er jo ei lita konkurranse mellom kommunane som får ho på vitjing om å gjera mest stas på ho, legg han til med eit smil.

Statsraad Lehmkuhl skal i tillegg til å vitja Os segla innom Bekkjarvik, Leirvik, Rosendal, Odda, Nordheimsund og Våge på Hardangertoktet i mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.