Jan Erik Døsen og resten av dugnadsgjengen på Nore Neset førebur seg på ei påske med dekkelegging på nyebanen (foto: Andris Hamre)

– Ein påske på banen

Dugnadgjengen på Nore Neset førebur seg på fem dagar med å legga kunstgras på den nye fotballbanen.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Helga 22. og 23. april skal den nye fotballbanen på Nore Neset bli tatt i bruk med jentefotballdagen laurdag og cup søndagen.

For om lag 14 dagar siden var det ikkje mykje som kunne minna at ein kunne få ferdig banen i løpet av tida som sto igjen, men ein iherdig innsats frå dugnadsgjeng og entreprenørar gjer at det no er klart for dekkelegging.

– Dei som skal legga graset kjem i morgon og vil jobbe frå åtte om morgonen til åtte om kvelden. Entreprenøren reknar med at det tek fem dagar å gjera jobben ferdig, fortel Jan Erik Døsen, leiar av Nore Neset Fotball.

– Vi ligg godt i rute. Etter planen skulle leverandøren komma skjærtorsdag, men dei har nok blitt ferdig tidlegare på ein anna jobb, så dei har meldt at dei kjem i morgon tidleg. Då har vi eit par dagar å gå på om det skulle bli så dårleg vêr ein av dagane at dei ikkje får limt graset.

Treng ti mann for dagen

I tillegg til mannskapa frå leverandøren skal idrettslaget òg stilla mannsterke på dugnad for å hjelpa til.

– Det er mange meter med skjøtar som skal tråkkast når banen blir limt, så vi treng fire - fem mann på kvart skift. Vi har lagt opp til eit formiddagsskift frå 8 til 14 og eitt ettermiddagsskift frå 14-20.

– På fleire av dagene har vi greitt med folk, men det er framleis behov for å med fleire. Spesielt kjem vi til å utfordra gute- og juniorlaget til å hjelpa til. Det vil bli ei bra styrkeøkt i å løfta og dra graset på plass. Det er berre å ta kontakt med fotballgruppa og melda seg, smiler Døsen.

Etter planen skal G15-laget montera ballfangernett og mål tysdag etter påske.

Lågare kostnad enn budsjettert

Prosjektet som omfattar ny bane med speleflate på 64x100 m og nytt garderobe-/klubbhus var for idrettslaget starta opp budsjettert å kosta 12 millionar kroner.

– Vi ligg noko lågare ann på kostandene med banen takka vera god dugnadsinnsats og gode kontaktar som har gitt oss fine priser. Enkelte av dei som har vore med har stått på noko heilt enormt, skryt fotball-leiaren.

Kjøper fleire andelar

På inntektssida ligg dei diverre òg under det budsjetterte.

– Vi var kanskje overambisiøse då vi sette opp 600 000 i sal av andeler i banen, vi har så langt seld andeler for 150 000, men der ligg det framleis eit potensiale. Det er ikkje så mange unike namn på lista over kjøparar, men dei som har kjøpt har kjøpt fleire. Eg håper det er fleire som ser viktigheita av å støtta opp om idrettslaget i krinsen og som vil kjøpa ein andel no.

– Vi ser òg at spoonsormarknaden er tøff. Det er mange verksemder som har tøffe tider og som ikkje ser seg råd til å hjelpa oss, men vi har kontakt med fleire som eg håper vi kan få landa i løpet av kort tid. Og så må eg få takka dei som har blitt med oss allereie. Utan dei sponsorane, så hadde vi ikkje kunne køyrd i gang. 

– No skal vi først gjera ferdig banen, så må vi sjå om vi klarar å få samla nok midler til å gjera ferdig garderobebygget òg. Vi treng veldig fleire garderobar. I dag har vi berre eitt sett, forklarer Døsen.

Nore Neset er av dei laga i krinsen som har flest lag per bane påmeldt i seriespelet.

– Førre sesong hadde vi om lag 190 heimekamper på den gamle banen. Då blir det ikkje så mykje rom til trening som vi skulle ønskje, så at den nye banen er kjærkommen er det lite tvil om.