Lokal | 08. jan. 2017

Ei stor takk for hjelpa til jul!

Lesarinnlegg: Takka vera gode støttespelarar blei det også i år ein hyggeleg julefest på Halhjem Kjøkken.

Ei stor takk for hjelpa til jul!
Det siste Halhjem Kjøkken gjorde før jul var å invitera til gratis middag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. jan. 2017 09:43

I 2015 hadde vi ein julefest som spreidde mykje glede.

• Les òg: Opna resutaranten for å hjelpa

I 2016 ville vi gjenta suksessen, siste opningsdag før jul, 19/12 blei som året før, ein dag med servering av gratis julemat og med gåver til dei yngste.

Denne gong var det endå fleire gjestar, med rundt 100 allereie på første av to bordsetjingar, og med veldig god stemning.

Halhjem Kjøkken vil retta ei stor takk til alle som har vore med på å gjera julefesten til ei minneverdig stund:

Fourphase AS, Mjånesen Lakk og Mekanisk, Vestmekaniske AS , Samba AS , Coop Extra Amfi, Stine Kobbetvedt ved innsamlingskonsert i Os gamle kommunehus, Os kommune - og gåver og frivillig innsats frå fleire enkeltpersonar.

Sist, men ikkje minst, Evy Søfteland, som har hjelpt oss til å få kontaktar og stilt opp for oss, så vi takka vere hennar innsats har fått mange flotte gjestar til denne, no årlege, julemiddagen.

Med ønskje om eit godt nytt år!
Halhjem Kjøkken

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.