Lokal | 19. juli 2016

Ei typisk tid for innbrot

I vinter var det åtte innbrot i bustadar i Os på under tre månadar. No kan vi gå inn i ein ny høgsesong.

Ei typisk tid for innbrot
I vinter var det åtte innbrot i bustadar og fleire innbrot i verksemder i Os. I fellesferien er det normalt større fare for innbrot. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juli 2016 08:58

Politiet har lite nytt å fortelja frå måndagen.

Nokre tiggarar blei kontrollert og vist vekk frå daglegvarebutikkane Kiwi og Meny etter fleire klagar frå publikum, og ein mann i 50-åra frå Bergen, som gjekk på dørene i Gudrihaugen for å selja ting, blei tatt inn til kontroll.

I tillegg blei ein båt av låg verdi, som truleg har vore stolen, funnen igjen i Askvik.

– Pass på nabolaget ditt

Politiet ønskjer å minna folk på at det er ferietid, og at dette kan vera ein periode som blir nytta til rekognisering og innbrot.

– Om du ikkje er på ferie så følg med på naboen sitt hus, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Normalt er det eitt til to innbrot i bustadar i Os i året. Dei første tre månadane i år var det åtte.

– Mykje tyder på at det var gjort rekognisering på førehand. Eitt av innbrota var på kveldstid mens huseigar var ute ein kort tur.

– Mange i Os bur i område som er så tynt befolka at dei har ein viss kontroll med kva bilar som plar vera i området. Det kan vera verdt å følga litt med også på trafikken i nærområdet ditt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.