Lokal | 27. feb. 2017

Ei varm og verdig eldreomsorg

Lesarinnlegg: Som 1 av 6 kommunar har Os kommune takka ja til å vera med på dette viktige prøveprosjektet.

Ei varm og verdig eldreomsorg
Luranetunet. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. feb. 2017 09:21

I den seinare tid har debatten kring ei varm og verdig eldreomsorg på ny blussa opp i media-bilete, mykje takka vera engasjementet til grupper som «Verdig eldreomsorg», «Eldrealliansen» med fleire. Stadig fleire kommunar har måtta gjera greie for sine prioriteringar innan eldreomsorga, og mange peikar no på blant anna statlege øyremerka midlar som løysing på den stadige ned-prioritering av dei sjuke og eldre. Men no er det ikkje slik at alle kommunar i Noreg ned-prioriterer eldreomsorga si, mange jobbar framoverlent og målretta kvar einaste dag for å gje innbyggjarane sine ei varm og verdig eldreomsorg.

Statleg finansiert eldreomsorg har lenge vore ein kampsak for FrP, og vi er derfor særs glade for at regjeringa har starta forsøk med at pengane no skal følgja den enkelte pleietrengande.

Dette vil gjera at eit pleiebehov hos ein trengande automatisk utløyser eit øyremerka tilskot frå staten. Som 1 av 6 kommunar har Os kommune takka ja til å vera med på dette viktige prøveprosjektet. Dette gjer vi fordi vi meiner at alle eldre skal ha rett på sjukeheimsplass når dei måtte trenga det, uavhengig av kva adresse dei bur på.

I 2016 byrja også Os kommune arbeidet med å bygga Noregs flottaste omsorgssenter, der bygningsmassen skal omkransa ein 1300 m2 stor tropisk hage med glastak, trær, blomar, rennande vatn og gode sosiale møteplassar. Dette vert eit eldorado for bebuarar, personale og besøkande. Anlegget vert spesielt tilrettelagt for personar med demens. Omsorgssenteret, som allereie i dag har 6 installasjonar av dei mykje omtala Motitech-syklane og eit oppvarma terapibasseng, vil i tillegg få eit nytt og flott treningsrom med opning inn mot den store tropehagen.

I tilknyting til det nye omsorgssenteret har kommunen allereie bygd eit heilt nytt dagsenter for yngre dementer, med fokus på trivnad, mat, aktivitet og turar i skog og mark. Dette kjem i tillegg til det allereie etablerte dagsenteret for demente som ligg i kommunen i dag. Dagsenteret er ope 5 dagar i veka, samt enkelte laurdagar. Dette til det beste for den demente sjølv, men ikkje minst som eit godt avlastningstilbod for dei pårørande som gjer ein stor innsats i heimen året rundt.

Som ein del av utvidinga av omsorgssenteret har det i prosessen også vorte fremma ynskje frå dei tilsette om å styrka bemanninga på demensavdelingane frå dagens 2 tilsette per 8 bebuarar, til 3 tilsette per 10 bebuarar. Og slik blir det! For i Os kommune så set vi trepartssamarbeidet høgt, kor politikarar, administrasjon og tillitsvalde alle dreg i same retning for å finna dei gode løysingane.

Men ein verdig eldreomsorg må også famna om dei som ikkje skal eller vil bu på omsorgssenteret.

Derfor har Os kommune ei rekkje tilbod til dei som ynskjer å bu heime hos seg sjølv. Blant anna får alle eldre over 77 år automatisk besøk av kommunen sin tryggleikssjukepleiar som eit førebyggande tiltak. Her får dei informasjon om kva tilbod kommunen har for sine eldre, samt råd og tilpassingar for seg sjølv og heimen dei bur i.

Vidare tilbyr kommunen kvardagsrehabilitering, samt ei rekkje spesialiserte tilbod knytt til kreft, palliativ behandling, kols og diabetes.

Alt dette meiner vi er med på å sikra at Os kommune har, og skal ha ei verdig eldreomsorg for alle sine innbyggjarar i dag og i framtida. Kvar dag jobbar dei tilsette for å leva opp til misjonen om at vi skal levera «Livskvalitet for alle!»

For Os FrP
Laila Reiertsen
Eirik André Hesthamar
Marianne Neumann Hjelle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.