Lokal | 01. mai 2016

Ei veke i sorg

Dei pårørande er mange etter drapet på Trude Brenna Aasen. – Behovet for støtte kan vera størst ei veke og to etter hendinga, seier leiar for kriseteamet i Os.

Ei veke i sorg
Trude Brenna Aasen var ei populær kvinne med ein stor omgangskrets. På åstaden ligg det tett med blomar, helsingar og lys. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mai 2016 20:05

Bildeserie:

Innsatsleiar Gisle Anthun på åstaden søndag for ei veke sidan. (Foto: KVB)
Innsatsleiar Gisle Anthun på åstaden søndag for ei veke sidan. (Foto: KVB)
Stein Gjøsund, leiar for kriseteamet. (Foto: KVB)
Stein Gjøsund, leiar for kriseteamet. (Foto: KVB)
1 av 2
Innsatsleiar Gisle Anthun på åstaden søndag for ei veke sidan. (Foto: KVB)
Stein Gjøsund, leiar for kriseteamet. (Foto: KVB)

Søndag for ei veke sidan blei Trude Brenna Aasen (38) funnen død i ein bil ved ein bustad i Åsen. Hennar fråseparerte ektemann (41) er sikta for drap og har erkjent straffeskyld.

Trude Brenna Aasen etterlet seg to born og eit barnebarn. Store delar av bygda, familie, naboar, kollegaer, venar av paret har vore i sorg den siste veka.

– Trude har jobba 16 år i Lysekloster barnehage. Ho var favoritten til mange!

– Du kan sjølv tenkja deg kor mange born i krinsen som har vakse opp med Trude som ein viktig person i livet sitt, og kor mange mødre og fedre som har vore på foreldresamtalar med Trude alle desse åra, seier ein av eldsjelene i Lysekloster idrettslag mens det var eitt minutt stille før Lysekloster skulle spela NM-runde onsdag.

Ordføraren gav ros til eigen stab

Også før kommunestyremøtet tysdag blei Trude Brenna Aasen minna.

– Det har vore nokre tunga dagar i Osbygda. Alle har naturleg nok vist omsorg og hatt varme tankar til de nærmaste. Eg har lyst til å gi ros til det kommunelae beredskapssystemet vårt, frå kriseteamet, brannvesen, legevakt og oppveksteininga, både dei som har møtt dei direkte berørte og dei som har vore ute hos kollegaene ved Lysekloster barnehage. Den drepte er ein av våre medarbeidarar, derfor har det vore ein del tilleggstiltak, sa ordførar Terje Søviknes.

Også staben til rådmann Christian Fotland, med kommunalsjefane Nils-Petter Borge (helse og omsorg) og Per Olav Sørås (oppvekst og kultur) fekk ros. Sørås har vore ute i Lysekloster barnehage saman med ekspertise innan krisepsykologi for å gje råd til korleis å ta hand om ungane i barnehagen best mogleg.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal takka Os kommune for all hjelp i samband med drapssaka.

– Det er utruleg mange som er berørt av denne tragiske saka, det apparatet kommunen reiser på beina er heilt uvurderleg når slike ting skjer.

Dei viktige vekene etterpå

Leiar for kriseteamet i Os, brannsjef Stein Gjøsund, seier vi no går inn i ein viktig periode for pårørande og deira omgangskrets.

– Erfaring frå andre krisesituasjoner viser at dette kan vera ei vanskeleg tid. Når du har fått nokre dagar å fordøya det som har skjedd, når merksemda frå media og andre går ned, så kan du kjenna deg einsam, trist eller sint, du kan føla at det grusomme blir glømt, seier Gjøsund.

Han deler vidare eit råd frå Senter for krisepsykiatri:

«Om du lurer på å kontakta ein av dei pårørande - så ta kontakt!»

– Det er ikkje berre enkelt å vera i omgangskretsen med pårørande heller. Det er naturleg å kvi seg, å vera usikker, å tenkja at dei sikkert vil ha fred, men om alle tenkjer slik så blir dei pårørande sitjande heilt åleine.

– Å gå på besøk, invitera på ein kopp kaffi eller senda ei melding, det skal lite til for å visa at du bryr deg, og det kan ha veldig mykje å bety for dei det gjeld, også om dei ikkje er moden for besøk akkurat der og då.

Godt å tenna lys

Åstaden i Åsen er fylt med blomar, lys, bilde, teikningar og brev med varme helsingar.

– Å tenna eit lys og å legga ned ein blome er gode symbolhandlingar som kan vera positivt for ein sorgprosess.

Gjøsund seier det er spesielt mange pårørande i denne saka, både i den drepte og i den sikta sine omgangskrinsar.

– Det er òg mange unge. Eg kjenner til at fleire har vore på åstaden i fleire timar saman. Det er godt å ha kvarandre i slike stunder.

– Det er heller ikkje for seint å ta kontakt med oss i kriseteamet. Vi har fleire avtalar om møter med ulike pårørande utover i veka som kjem.

Kommunalsjef ut i felten

Krisesjefen gjev òg ros tilbake til administrasjon og politisk leiing i Os kommune.

– Det er lovpålagt at kommunen gjev støtte til pårørande. Personar som opplever redusert livskvalitet, som søvnvanskar eller konsentrasjonsproblem, skal få hjelp. Eg opplever at heile organisasjonen i Os kommunen er bevisst på dette ansvaret.

– Kvelden for drapet var blant anna rådmann og anna leiing raskt på plass. Eg hadde sjølv med meg kommunalsjef Nils-Petter Borge ut i felten til nære pårørande den første kvelden og natta. Borge har god fagleg kompetanse òg, han er utdanna psykiatrisk sjukepleiar.

Ei tøff, men takksam oppgåve

Både familiar, venar og kollegaer av både den drepte og sikta har fått støtte av det breitt samansette laget frå Os kommune.

– Tilbakemeldingane eg får frå dei tilsette som har jobba tett på dei pårørande er at det er ei krevjande, at dei lever seg inn i situasjonen til dei pårørande, at dei kjenner på sorga, men at dei føler det er godt å hjelpa.

– Det er viktig at vi som jobbar med dette òg tar vare på kvarandre, seier Stein Gjøsund.

Om drapet i Åsen
• Klokka 18.40 søndag 24. april fekk politiet melding om drap i Lyseklostervegen, ved ein bustad i Åsen.
• Politiet rykte ut og fann Trude Brenna Aasen død i ein bil ho hadde lånt av ei venninne. Kvinna var utsett for fleire knivstikk.
• Litt over klokka 19 ringte ektemannen til kvinna og sa at han sto bak drapet. Han hadde då tatt seg inn til Os og ringte mens han sto utanfor Os lensmannskontor. Han blei pågripen utan dramatikk og blei seinare same kveld sikta for drap. Tysdag 26. april blei han, i lukka rettsmøte, varetektsfengsla i fire veker.
• Paret blei separert for nokre månadar sidan og møttest for å signera nokre papir då drapet skjedde. Sikta skal ifølgje forsvarar Jostein Alvheim ikkje ha gjeve noko motiv for drapet utover at det svartna for han.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.