Sport | 20. okt. 2014

Eidsvik senka Eidsvåg

Martin Eidsvik skåra tre mål då Lysekloster 2 i kveld klatra forbi Eidsvåg på tabellen. Dei siste 20 minutta spelte dei med 10 mann, men auka leiinga.

Eidsvik senka Eidsvåg
Martin Eidsvik sette i dag inn 3 mål då Lysekloster 2 vann 6-3 på bortebane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 21:11

Lysekloster 2 tok i kveld sin fjerde siger på rad, og klatra frå 5. til 4. plass på tabellen før siste runde.

– Vi spelte fin fotball mens Eidvåg stort sett måkte ballen av garde. Det er ein trang og vanskeleg bane, men vi fekk det ganske bra til, synest Tore Nielsen.

Eidsvåg - Lysekloster 2 3-6
Målskårarar, Lysekloster: Martin Eidsvik 3, Sindre Jacob Råheim 2 og Andreas Fosse.

Lysekloster gjekk opp i 5-1-leiing før vertane reduserte to gongar. Så fekk Lysekloster 2 Knut E. Eide utvist.

– Eg forsto ikkje heilt den utvisinga. Det var linjemannen i motsett ende av banen som påsto at Knut hadde slått motstandaren, og kom springande oppover for å sjå at det raude kortet blei delt ut.

– Utvisinga skjedde i 70. minutt, og det blei litt hektisk ein periode. Men det kom berre eitt mål til, og det var det vi som skåra, seier Nielsen nøgd.

Lysekloster 2 kan ikkje klatra vidare på tabellen i siste runde, men kjem nok til å kjempa for ikkje å sleppa Eidsvåg forbi igjen.

Mens Eidsvåg speler mot Halsnøy på plassen bak tar Lysekloster 2 søndag imot Trott på 3. plass, eit lag dei tapte 9-0 for i vår.

SJÅ TABELL

Både Lysekloster 2 og Os 2 avsluttar sesongen på heimebane søndag frå klokka 16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.