Lokal | 09. sep. 2015

Eig dei ikkje skam?

Lesarinnlegg: At vi står overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrig, har dei fleste fått med seg, med unntak av Frp, skriv Inge Hjartaas.

Eig dei ikkje skam?
Inge Hjertaas saman med førstekandidat Oddne Horg Bjørnør (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 09. sep. 2015 06:27

At vi står overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen, har vel dei fleste fått med seg, med eitt unntak – Framstegspartiet. Det er klart at landa med best ressursar no må stilla opp i ekstra stor grad, noko verdas rikaste land også må ta inn over seg. Likevel vil Frp vera like restriktive som før, og avvisa flest mogeleg. Standpunktet er forkasteleg, og retorikken endå verre.

I Os har ordførar Terje Søviknes fronta den harde linja, og vil jamvel ha folkeavrøysting om ja eller nei til Syria-flyktningar til Os kommune. No får han nok ikkje kommunestyret med på ei slik folkeavrøysting, får vi tru, og Søviknes ser bort frå ein naturleg konsekvens om avrøystinga hadde blitt gjennomført: Flyktningane som vi tar i mot, ville fått eit klart signal rett i fleisen: for x% av osingane er de ikkje velkomne, pakk sakene og reis heim att. At flyktningane ville ha reagert slik, er nok Søviknes klar over, men kynisk nok til ikkje å bry seg om.

For oss som har levd ei stund, går tanken tilbake til den skammelege innvandrarrekneskapen som Os Frp med Høgre som logrande rævediltarar fekk gjennomført for 15 år sidan. Innvandrarane følte seg stigmatiserte, dei var altså ein rein kostnad, ein klamp om foten for oss andre osingar. Dei to store innvandrargruppene i kommunen på den tida, vietnamesarane og bosniarane, hadde fortent ei orsaking frå ordføraren sin. Det skjedde aldri.

Elles er det kjent taktikk frå Frp når det går mot val: grav fram nokre døme på mislukka innvandring, og presenter det som typisk, så skal tilslutninga auka monaleg i valet. Eg håpar at veljarane ikkje bit på agnet denne gongen, og eg kan ikkje la vera å undra meg over at så mange i Os er einige i ein politikk som brutalt spelar på framandfiendtlege haldningar.

I Os SV er i alle fall haldninga klar: Mangfald gjer oss alle rikare!

Eit lite spørsmål til slutt, eller kanskje eit hjartesukk: Når vil partiet som for folk flest skal vera, ta inn over seg at folk flest ikkje bur i Noreg?

Inge Hjertaas
listekandidat Os SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.