Næringsliv | 08. des. 2016

Eigedomsmeklarar har «nådd taket»

DNB Eiendom flyttar frå Os sentrum til taket på Amfisenteret.

Eigedomsmeklarar har «nådd taket»
Anders F. Vangen, Sandra Knarvik og Alexander Olsen har så og seia kome på plass på Amfisenteret. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. des. 2016 08:30

Bildeserie:

Kontoret er bygd ved inngangen frå takparkeringa på senteret. (Foto: KVB)
Kontoret er bygd ved inngangen frå takparkeringa på senteret. (Foto: KVB)
Lokalet er på berre 50 kvm, men har fått plass til møterom. (Foto: KVB)
Lokalet er på berre 50 kvm, men har fått plass til møterom. (Foto: KVB)
Dei tre er i drift i nytt kontor om få dagar. (Foto: KVB)
Dei tre er i drift i nytt kontor om få dagar. (Foto: KVB)
1 av 3
Kontoret er bygd ved inngangen frå takparkeringa på senteret. (Foto: KVB)
Lokalet er på berre 50 kvm, men har fått plass til møterom. (Foto: KVB)
Dei tre er i drift i nytt kontor om få dagar. (Foto: KVB)

I april stengte DNB bankfilialen sin i Brugata i Os sentrum, men eigedomsmeklarane, som har sete i banklokala sidan 2011, blei verande igjen.

– Det var ikkje noko tema i legga ned kontoret i Os. Skal DNB Eiendom, som med rundt 20 prosent marknadsdel er størst i Hordaland, halda posisjonen sin, så er det nok naudsynt med lokale filialar som Askøy, Straume, Stord og Os, seier dagleg leiar Anders Fosbæk Vangen.

– Men lokalet i Brugata blei ikkje det same etter at banken la ned, slik det var innreia, så vi byrja å sjå på ulike alternativ både der vi var og her på senteret.

AMFI Os er, med unntak av det nye lokalet over Europris, fullsett når det kjem til butikklokale. Og meklarane er opptatte av å visa varene sine.

– Fasade ut mot der folk ferdast var viktig. Då vi fann ei løysing med å laga kontor her, ved inngang, trapp og heis ved takparkeringa - og i tillegg får ha eigedomane våre på plansjar i den store inngangen ved Baker Brun, så kunne vi ikkje fått det så mykje betre.

50 romslege kvadratmeter

Dei tre eigedomsmeklarane, sjefen saman med Sandra Knarvik og Alexander Olsen, har flytta ut frå det tidlegare banklokalet.

– Vi er på plass i nytt kontor, men det går enno eit par dagar til før alt er klart til bruk. Men vi har eit midlertidig kontor og eit møterom disponibelt, så vi har vore i drift heile vegen.

Kontoret er på 50 kvadratmeter, men har god plass til både dei tre tilsette, til eit kjøkken bakerst i lokalet, og til eit moderne innreia, lite møterom.

– Vi trivst allereie og gler oss til å sitja sentralt og lett tilgjengeleg i eit travelt og godt kjøpesenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.