Sport | 14. des. 2017

Eikedalen får afterski

Skjenkeløyve og store snømengder er på plass, og alpinanlegget får kanskje opna Stolheisen før nyttår for første gong.

Eikedalen får afterski
I denne varmestova i Eikedalen blir det afterski på nyåret. Bildet er frå 15. januar i år, med ganske lik snømengde som i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. des. 2017 10:01

Myrkdalen opna sesongen 18. november, éin dag tidlegare enn i fjor, Voss Resort og Eikedalen opna 1. og 2. desember, langt tidlegare enn året før.

– Det er ikkje berre det at vi opna, men vi opna med strålande sol og 50 cm pudder, seier Anna Bryn ved Voss Resort.

Også i Eikedalen er det jubel.

– At stormen i førre veke kom frå vest var heilt perfekt for oss, då blei snøen lagt inn i dalen. Vi trudde den skulle blåsa vekk frå toppen, men då vi køyrde opp i fjellet for å sjå, var det faktisk kome så mykje snø at t-krokane tok nedi enkelte stadar, seier Fredrik Tønjum.

Å koma i gang før jul har mykje å seia for heile sesongen.

– Mange er travle før jul, men desse dagane betyr likevel noko for oss. Vi får køyrd gjennom systemet, dei tilsette kjem i gang og nytt personell får god innføring før januar.

– Dessutan ser vi at dei som har lengta etter vinter gler seg stort over nokre dagar på ski før jula set inn.

Stolheis og kveldskøyring

Nytt i Myrkdalen denne sesongen er dobla restaurantareal i varmestova, nytt hos Voss Resort er dobla lengde på nedfarter med lys til kveldskøyring.

I Eikedalen starta kveldskøyringa allereie tysdag denne veka.

– Det går òg mot rekordtidleg opning av Stolheisen, seier Tønjum.

Litt av årsaka kan han takka seg sjølv for. Dei siste åra har Eikedalen investert fleire millionar kroner med å planera opp til toppen av heisen. Det har tidlegare vore krevjande å koma seg opp til toppen for å ta naudsynt preparering før opning.

– Dette arbeidet er endeleg ferdig. No ser det ut som om vi, for første gong, kan opna Stolheisen allereie i jula.

Det er allereie 110 cm fersk snø i anlegget og det går mot draumeforhold i fjellet denne helga, med sol, lite vind og 4-5 minusgradar. At det i neste veke er meldt noko mildare ser Tønjum på som positivt.

– Vi toler litt regn nedst i anlegget, og det betyr at vi får tung og våt snø på toppen, noko som skaper ein god sole for resten av sesongen.

Kva dagar det blir kveldskøyring i neste veke er ikkje bestemt, men i jula er det berre første juledag og første nyttårsdag det ikkje er ope på dagtid.

Opnar afterski over nyttår

Nytt i Eikedalen denne sesongen er afterski. Varmestova nær Tvillingtrekket er leigd vekk til eit eksternt selskap som både skal halda ope på kveldskøyring og som skal ha afterski i helgene.

Dei som skal drifta afterskien, selskapet RS Sikkerhet AS, har lang erfaring frå tilsvarande drift i Myrkdalen i åra før hotellet opna.

– Dei kjem i gang med afterski over nyttår, i starten blir det laurdag ettermiddag. Det blir spennande å sjå om vertsskapen og gjestane våre er klare for å skapa litt liv etter ein dag i bakken, seier Tønjum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.