Sport | 24. apr. 2018

Eikedalen vurderer å utvida etter rekordsesong

Eikedalen Skisenter har runda av ein sesong med minst fire rekordar. No vil dei sjå på alternativ til utviding av kapasiteten.

Eikedalen vurderer å utvida etter rekordsesong
Mykje snø og stabilt vintervêr, som her i januar, har vore med på å gjera 2018-vinteren rekordgod i Eikedalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. apr. 2018 11:31

Søndag 15. april blei siste opningsdag i ein lang og god sesong for Eikedalen Skisenter AS.

– Det blei 105 dagar med ope anlegg denne sesongen. Vi har hatt fleire opningsdagar nokre gongar før, når påsken har vore seint i april, det lengste vi har hatt ope er til og med 3. mai, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.

Det blei likevel sett fleire rekordar denne sesongen:
• Laurdag 13. januar var det rekordmange 2970 gjestar i anlegget
• Stolheisen blei opna rekordtidleg (30. desember)
• Stolheisen har aldri før vore i drift så mange dagar i løpet av ein sesong
• Omsetnaden passerte 14 mill for første gong

– Vi har framleis mykje snø, men no er det smelting og dårlege forhold. Sesongen blei avslutta i strålande vêr helga etter påske. Sjølve påsken var fantastisk, også dagar som plar vera litt rolege, påskeaftan og heimfartsdagane første- og andre påskedag, hadde godt besøk.

Rekordomsetnad og overskot

Etter mange år på rad med overskot, stort sett frå 1 til 3 millionar i pluss, blei det negativt årsresultat i 2014, og eit lite underskot også i 2016.

Høgaste omsetnad var i 2013, på over 13,9 millionar kroner, i 2016 var den nede i 9,5.

– Vi har ikkje endelege tal for 2017, men med ein god desember 2017, og med denne 2018-vinteren, ser det no lovande ut. Vi kjem til å passera 14 millionar, og vi får eit fint overskot, seier Tønjum.

Utanom dette kjem servering, som Eikedalen har hatt eksterne aktørar på sidan 2005, både innan mat og, nytt for sesongen, på alkoholservering.

– Korleis fungerte det nye afterskitilbodet i varmestova ved tvillingtrekket?

– Dei kom ikkje i gang før i slutten av januar, men har vore i drift sidan. Intensjonen er å halda fram neste sesong, men det må nok nokre investeringar til, blant anna i meir robuste møblar. Når folk først er på afterski så vil dei kanskje prøva å skapa ilsvarande stemning som dei har opplevd på skiferie i Alpane, men møblane vi har i dag er ikkje bygde for å dansast på.

Vurderer nye investeringar

Store snømengder tidleg i sesongen, stabil, kald vinter og mykje godvêr i helger og feriar har vore avgjerande.

– Men den tidlege starten til stolheisen hadde ikkje gått utan investeringane som er tatt med planering rundt toppen av stolheisen, der vi no kjem opp med preppemaskinene på mindre snømengder enn før. Det gjenstår litt arbeid med nokre massar, og vi skal sprenga eit par salvar til, når snøen forsvinn.

Det skal òg byggast nytt garasjebygg. Dette kjem ved den største varmestova, og taket på garasjeanlegget vil utgjera eit utvida areal til uteservering.

– Har de òg nokre langtidsplanar for anlegget?

– Vi ønskjer oss ein ny stolheis, men skal vi skifta ut den vi har så kjem det på rundt 80 millionar kroner. Det er det nok ikkje grunnlag for enno.

– Men vi ønskjer å utvida kapasiteten i anlegget, og vil no byrja å sjå på kva alternativ vi har både når det kjem til flytting av dagens heisar og investering i nye. Det blir ikkje utført før neste sesong, men om vi finn ein god plan, og grunneigarar og kommune går med på dette, kan det bli endringar allereie til 2019-2020-sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.