Sport | 27. aug. 2017

– Ein av våre beste kampar i år

Os-spelarane fekk både kjeft og skryt etter bortekampen mot Varegg.

– Ein av våre beste kampar i år
Heimekampen mot Varegg i vår enda med 0-2-tap, i går blei det 2-1-tap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. aug. 2017 17:05

Etter siger over Lysekloster heime i førre runde var Os i går på bortebane for å prøva noko dei ikkje plar klara, å slå Varegg.

Heller ikkje i går blei det poeng.

Varegg - Os 2-1 (0-0)
Målskårar, Os: Christoffer Hafsås
Tropp og kampfakta (fotball.no)

– Det var faktisk ein veldig god kamp av oss. Vi dominerte fullstendig og vi skapte mange sjansar, seier assistenttrenar på Os, Ørjan Håland.

I løpet av tre minutt slapp dei inn to mål.

– Vi hadde tolv svake minutt i 2. omgang, der Varegg kjem på ein overgang og legg inn til 1-0. Tre minutt seinare rotar vi det til og lager straffe.

Men det er ikkje baklengsmåla som gjorde at trenarane ville kjefta litt etter kamp, det var det at dei ikkje skårer fleire mål. Samtidig fekk spelarane skryt for den store sjanseproduksjonen.

– Det var gunstige resultat rundt oss på tabellen, sånn sett er det status quo. Men det er litt surt å ikkje vinna når vi speler så bra. Med siger i går hadde vi vore seks poeng bak Lysekloster og tre poeng bak 3. plass.

God Skage spelte frå start

Os måtte klara seg utan kaptein Marius Mikkelsen og dei to som er i karantene, Divaldo Cardoso og Rafael Villén. Samtidig fekk Skage S. Lehland prøva seg frå start for første gong. Heime mot Lysekloster blei det eit innhopp i ein kamp han ikkje fekk vist seg særleg fram.

I går spelte han frå start til han blei bytt ut på overtid (Alexander M. Tøssebro), og skal ifølgje Håland ha gjort det veldig bra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.