Kultur | 27. apr. 2017

– Ein god plass å starta dagen

Torsdag kveld startar russetida. Sånn ser programmet ut dei neste vekene.

– Ein god plass å starta dagen
Munter handletur, f.v.: Sigbjørn Haukeland, Kristoffer Døsen Moberg, Tonje Lindbom og Tony Dang. I front: Henrik Vågen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. apr. 2017 09:51

I dag var første dag 3. klassingane i Os fekk gå med russedress på skulen, i kveld startar feiringa for Osrussen.

Russ frå både Os Gymnas og Os vgs brukte eit av friminutta på å reisa ned til Os for å bunkra.

– Dette er jo ein super plass å starta dagen, seier russepresident ved Os vidaregåande skule, Henrik Vågen, og tar tak i to flasker som han kan posera med på bildet.

Russen er under 20 år og må nøya seg med ferdigutvatna brennevin på rundt 20 prosent.

Ei oppgåve for «prestane»

Russetida startar med dåp i Sigurdsvika i kveld. Der skal alle få tildelt kallenamn til å ha på lua.

– Skulane har kvar sin «prest». Prestane har saman med medhjelparar tatt imot innkomne forslag og bestemt kallenamna.

Festen held fram utandørs og i bilane utover kvelden.

150-160 ungdomar

Vågen reknar med at det kjem over 150 russ i Sigurdsvika i kveld.

– Fleire som er lærlingar har kasta seg med på feiringa, så frå Os vgs er vi 40-45 russ. Os Gymnas har rundt 80, i tillegg har vi med Fusa på dåpen, og dei er over 30 russ.

Rebusløp fredag

Fredag skal russen i Grieghallen klokka 12, for informasjon om tryggleik i russetida.

– Etter dette er det rebusløp med russen i Bergen, fortel Henrik.

Han reknar med at resten av festen held fram i Os gjennom langhelga, med fri måndag 1. mai.

– Dei fleste skal Kongeparken

Om ei veke går turen til landstreffet i Stavanger, der blant andre Postgirobygget, Karpe Diem, Tiësto og Sushi X Kobe skal på scenen i Kongeparken.

– Det er vanskeleg å få tak i billettar til Kongeparken, men eg har inntrykk av at dei fleste av russen frå Os har ordna seg og skal nedover.

Før avreise skal Midtsiden, som vanleg, kåra den beste russebilen i Os. Tidspunkt er førebels ikkje besemt.

• Les òg: Den beste russebilen i Os i 2016 (med stor bildeserie)

Helga etter Kongeparken, rett før avsluttinga med fest natt til onsdag 17. mai, er det treff på travparken i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.