Lokal | 28. jan. 2015

Ein god pott med pengar

Driv du frivillig aktivitet innan kultur, idrett eller friluftsliv er det pengar å henta hos kommunen.

Ein god pott med pengar
Bildesymposiet var blant mottakarene av KUP-midla i 2014 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 28. jan. 2015 09:30

1. mars er fristen for å søka på dei kommunale kulturmidlane og formannskapet sine KUP-middel (Kulturelt utviklingsprogram).

Totalt 700 000 kroner skal delast ut i KUP-middel.

Desse er redusert med 300 000 kroner samenlikna med i fjor, sidan Osfest har fått ei førehandsløyving til sommarens festival.

– Føremålet med KUP Os er å stimulera kultur- og idrettsmiljøet i kommunen, og leggja til rette for auka aktivitet.

Desse fekk KUP-middel i 2014.

– Aktuelle tiltak er prosjekt som t.d. festivalar, kultur- og idrettsarrangement, produksjonar, utviklingstiltak osv.

– Både lag og einskildpersonar kan søkja. Tiltak for barn og unge vert prioritert, skriv kommunen på heimesida si.

Til dagleg drift

Medan KUP-midla skal gå til einskilde prosjekt, er kulturmidla penger ein kan søka om til dagleg drift.

– Ein kan søka om tilskot til drift innan tre områder. Idrett og friluftsliv, Kunstnarleg utfalding, Barne- og ungdomsarbeid og ålment kulturarbeid.

– Kulturmidlar er stønad til dagleg drift, og må ikkje forvekslast med KUP-midlar.

– Born og unge opp til 25 år skal prioriterast ved fordeling av midla.

Søknadsskjema finn ein på kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.