Sport | 06. aug. 2014

Ein halv sesong som sportssjef

Dette har Os, og skal Os, bli betre på. Lars Bakkerud oppsummerer vårsesongen.

Ein halv sesong som sportssjef
Lars Bakkerud blir enno meir å sjå på treningsfeltet utover hausten (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. aug. 2014 09:49

I november i fjor teikna Os Turn Fotball ein treårskontrakt med Lars Bakkerud. Han har UEFA Pro-lisens og var først tiltenkt ei kombinert rolle, der han også var hovudtrenar for A-laget, men valde i staden å gå inn i ei 60 prosent stilling som sportssjef.

Bakkerud har, etter ei karriere som aktiv spelar for blant andre SK Brann, Panionios og Helsingborg, og som trenar og spelarutviklar for Fredrikstad, Helsingborg og Brann, no vore i jobb på Kuventræ i over eit halvt år.

– Det viktigaste vi har fått til er at vi har dei rette folka på dei rette stadane. Vi har også kome i gang med å bygga den treningskulturen vi vil at klubben skal ha.

– Det er ikkje berre spelestilen Os skal vera tydeleg på, det er korleis vi utviklar spelarar og kva haldningar Os-spelarane skal ha.

Kven blir god og best?

Bakkerud er opptatt av å ta vare på breidda, men også å gje eit godt tilbod til dei som har potensiale til å bli ekstra god.

– Då handlar det ikkje nødvendigvis om den som er ein god spelar når han eller ho er 13 år, men den som verkeleg vil noko og den som har dei haldningane som må til.

– Typiske særtrekk er godt oppmøte, ein spelar som alltid er på trening, som kjem tidleg, som yter maksimalt, som hjelper til med å rydda, og som har respekt for lagkameratar og trenere og som gjerne står igjen på banen og øver etter trening og i helgene.

– Vi vil laga eit system der desse får løn, der dei får speletid og matching på rett nivå, sjølv om det gjerne er eit talent som der og då er betre, men kanskje ikkje viser dei same gode haldningene.

– Skal stilla krav

Noko Lars meiner Os og mange andre fotballklubbar kan bli betre på er å stilla krav til spelarane.

– Trenarane stiller opp på fritida si, fleire gongar i veka, dei fleste utan løn. Då skal dei kunna stilla krav. Spelarane liker også å bli stilt krav til.

– Skule kjem først, men det skal mykje til for at du ikkje skal klara 90 minutt med trening i løpet av ein heil, lang ettermiddag. Når du lærer ungane å stilla opp lærer du dei dessutan noko som dei får bruk for i arbeidslivet, å vera der når det er venta at dei er der.

Meir feltarbeid

Våren har gått med til å forma starten på korleis Os skal bli. Trenarforum, interne trenerkurs og diskusjonar i klubbhuset og på banen, dialog mellom aldersnivå og diskusjonar om enkeltspelarar, systemet tar form.

– Det har blitt meir enn 60 prosent jobb, men det er engasjerande og gøy, ein fin jobb som blir spesielt bra når ein får jobbe saman med så mykje fine folk.

– Er det noko du ønskjer å bruka meir eller mindre tid på i månadane som kjem?

– Ja. Eg vil no endå meir ut på feltet. Ikkje for å driva overvaking, men for å halda eit tettare auge med korleis laga trener og speler for å ha eit betre grunnlag og for å hjelpa og vera ein diskusjonspartner for trenarane.

– Er det endringar som kan koma i korleis klubben i dag blir drive?

– Ja, det er det også. Nokre lag treng betre kamparenaer, dei treng tøffare matching. Det er greit at det er gøy å vinna serien, men det er viktigare at spelarane får oppleva høyere tempo når dei øver på spelet sitt.

– Sånn er det på trening òg, om ei øving flyt fint, det er god dynamikk og ballen trillar fort, då er kanskje øvinga for lett og ikkje god nok. Vi må tola å ikkje få det til med éin gong. Eg vil sjå spelarar som slit, som må tenka raskt, ta gode avgjerder under press og som trener i høgare tempo enn kva dei vane med.

– Intern keeperskule kjem også i haust. Vi er også i gang på dame- og jentesida, så vidt. Her har vi ei fin spelargruppe frå damenivå og nedover og her er vi i gang med å få endå meir nytte av at vi har både dame-, jente og småjentelag og ei brei gruppe trenarar som samarbeider frå trinn til trinn.

Nøgd med A-laget

På A-laget sine vegne er Bakkerud glad for måten trenarkabalen gjekk opp på, med Berge og Fjellberg i leiinga, og for prestasjonane så langt i sesongen.

– Eg er spesielt nøgd med at vi skårer så mange mål. Så får vi heller jobba med dette at stilen vår har gjort at det har opna for ein del baklengs òg.

Os har skåra 47 mål på 14 kampar, 11 meir enn serieleiar Odda.

– Og så er eg nøgd med spelarane og at så mange unge gjer det så bra. Spesielt keeper Frode Øvredal, han har hatt ein utruleg stødig sesong så langt og det er ikkje hans feil at det har blitt så mange baklengs. Her må eg få gje ein stor ros til Vidar Bahus og den jobben han har gjort med keeperane.

– Vi har ein del å gå på i nokre av fasane i spelet, og det er noko vi jobbar med. Eg trur det blir færre ballar å strekka seg etter for Frode denne hausten.

– Ein å støtta seg til

Formann Knut Haddal fortel at då styret valte å engasjera Bakkerud var det for å sørgja for at styret sin plan for sportsleg utvikling blei gjennomført.

– Det var derfor fornuftig å separera trenerrolla frå jobben som sportsleg leiar. Vi har ein langsiktig plan som ikkje skal bli påverka av kortsiktige resultat, då må det jobbast grundig og målretta, seier Haddal.

– Etter sju månadar har vi blitt endå meir sikker på at dette er rett veg å gå. Lars Bakkrud tilfører klubben ein kompetanse som er sjeldan vare og som vil gje klubben eit stort sportsleg løft i åra som kjem.

Ein av dei som har fått kjenna på korleis det er å jobba under ein sportsleg leiar er trenar for Os 1 gutar 16, Odd Jarle Hjelle.

– Det er veldig greit å ha ein som følgjer opp retningslinjene frå styret, ein som stiller litt krav til oss trenarar òg. Det er dessutan godt å ha ein å støtta seg til og diskutera saker med, ein som kan gje tilbakemeldingar på korleis treningsøktene er.

– Vi trenarar har vore saman om å forma stilen og vi har veldig gode diskusjonar, synest Hjelle.

Bakkerud ser også ut til å tilføra spelarane på A-laget noko viktig.

– Vi merker spesielt at det no er ein plan og eit system, vi føler at vi har eit apparat rundt oss.

– Bakkerud og folk frå styret er mykje meir synleg, dei kjem og ser på kampar og trening og Lars er veldig tydeleg og lett å forholda seg til, synest kaptein Stian Lunde om sportssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.