Lokal | 06. mars 2011

For ein Havfest!

På kollisjonskurs med komponist: Seks spekkhoggarar sette i dag kursen rett mot Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo.

For ein Havfest!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. mars 2011 20:47

Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland har i desse dagar tett program med førebuing av opningsfestivalen til Oseana, som startar 17. juni i år.

Søndag formiddag reiste ekteparet ut i båt, ikkje berre for å få eit avbrekk frå arbeidet, men for å samla rekve, som effekt til kulissane til folkeoperaen Havfest.

Dei fekk med seg femmila på radio og fekk sjå svaner i paringsleik i Hauglandssjøen, men båtturen blei ein endå større havfest enn dei hadde venta.

- Vi runda Røttingen ved fyret i 15-tida, retning frå Ervikane, då vi såg flokken, omtrent over Røttingafluo, fortel Glenn Erik.

Han og Heidi såg at flokken hadde retning mot båten deira, ein 20 fot stor With. Dei sløkte motoren og la seg for å venta.

- Dei kom rett mot oss. Særleg den eine, som hadde stor fart, såg ut til å vera veldig målbevisst.

Det var minst seks dyr i flokken og ein av dei var berre tre meter frå båten på det nærmaste.

- Som unge, då eg vaks opp i USA, høyrte eg mange spennande historiar om «killer whales», som spekkhoggarar heiter på engelsk. Så då kvalane var på det nærmaste starta eg motoren.

- I ettertid ser eg jo at det ikkje var farleg med sånn nærkontakt, men der og då verka det riktig å flytta litt på seg, ler Haugland.

Etter at han starta motoren dukka spekkhoggarane og blei vekke.

Det er ikkje sjeldan at spekkhoggarar blir observerte i Bjørnefjorden, men det går av og til nokre år mellom kvar gong vi høyrer om møte med denne største delfinarten.

Også i mars i fjor, og i 2005, høyrte vi om observasjonar i Fanafjorden og i Bjørnefjorden.

Fakta om spekkhoggar (Orcinus orca)

• Ein delfinart som tilhøyrer tannkvalane
• Kan bli opptil 10 meter lang og 8 tonn tung
• Hoa er mindre enn hannen (opptil 8,5 meter, 5 tonn)
• Hoa kan bli 90 år, men 50 er meir normalt. Hannen kan bli 50-60 år, men 30 er meir vanleg.
• På menyen; fisk, sel, skater og hai, men ikkje mennesker.
Kjelde/les meir: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.