Sport | 02. sep. 2015

Ein idrett utan cupbombe?

Kva er det beste Os kan få til når dei tar imot Tertnes i kveld?

Ein idrett utan cupbombe?
Vibeke Ingebrigtsen sto ein god kamp mot Tertnes i 2011 (bildet). I kveld får ho elite-skot på seg igjen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2015 11:46

I fotball kan du bli straffa hardt om du undervurderer eit lag frå to-tre divisjoner lågare, i handball er det rikeleg med sjansar å retta opp eit svakt angrep på.

Søkjer du på orda «cupbombe + handball» på Google er to av dei øvste sakene frå Midtsiden. Det eine er ein spekulasjon før NM-kampen mot Tertnes i 2011, som Os tapte 12-38, det andre er då Os-damene i 2013 slo Fana frå divisjonen over. Og så finn vi ei sak frå 2004 der Vestli slo Sandefjord.

Tertnes tapte rett nok i Oshallen i 2010, men det gjorde også Os (!). Årsaka var at begge brukte spelarar som ikkje var registrerte/hadde rett til å spela, så begge blei dømt av forbundet til å tapa kampen.

I kveld er det nok ein NM-kamp mellom Os i 2. divisjon og eliteserielaget Tertnes, som tok bronse i Grundigligaen i fjor.

Kva er det beste som kan skje i kveld?

Etter at Os knuste Sotra 30-19 i første runde, der debutant Thiet Dang imponerte, står no Ternes for tur.

Den nye trenaren til damelaget til Os, Trond Førde Eriksen, har nettopp lagt bak seg ei helg med siger i opningscupen. Han har likevel heile stallen å ta av, alle er friske og speleklare til andre NM-runde.

– Det var ei tøff helg og vi er i tillegg framleis i oppkjøring til serien. Men eg håper jentene kliner til, at dei våger å gjera det dei er gode til, og at dei har tenning nok til at dei får adrenalinet dei treng for å henga med ei god stund, seier Eriksen.

– Eg veit ikkje så mykje om Tertnes, anna enn at dei har ein låg snittalder. Om dei presterer dårleg og vi speler maksimalt bra, så klarer vi å tapa med under ti mål.

– Men eg kjenner to av spelarane deira, og dei er veldig gode. Er dei representative for troppen så skal vi vera nøgd om vi heng med i periodar.

– Mest opptatt av korleis kampen ser ut

Os-damene prioriterer serien og ser på dagens NM-oppgjer som ein ekstra god treningskamp.

– Eg sa til jentene på trening i går at vi skal ta oss tid i angrep og prøva å unngå for mange kontringar. Vi skal også prioritera å koma oss raskt heim sånn at vi får øvd på å spela etablert forsvar mot god motstand.

– Men vi skal våga å spela vår handball.

– Kor mange skåringar og baklengsmål skal til for at du er nøgd i dag?

– Det er veldig vanskeleg å setja tal på det. Om vi skaper mange sjansar, men er uheldig og brenn mange skot, så har vi likevel gjort noko bra.

– I dag er eg mest opptatt av korleis vi ser ut. Og så håper eg at vi heng med ei god stund, at publikum får ei god oppleving, seier Trond Førde Eriksen.

Os - Tertnes startar klokka 19.00.

Midtsiden samleside: Handball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.