Lokal | 29. juli 2015

For ein morgon!

Osingane blei møtt av strålande sol då dei vakna onsdag. Held det seg til Osfest?

For ein morgon!
Os hamn onsdag morgon med blikkstille fjord (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 29. juli 2015 07:50

Det varma å sjå sola då ein sto opp onsdag morgon, men vil det halda seg framover?

Ein ting er sikkert, meterologane har hatt store utfordringar med å melde rett vêr denne sommaren. Det har ikkje vore varmt, det har dei fått rett i, men sjølve vêret har vel strengt tatt vore betre enn det som har blitt meldt.

La oss håpa det òg blir tilfelle når Osfest blir arrangert fredag og laurdag.

Her er vêrutsiktene:

Onsdag:
Overskya/lettskya, 16-19 grader, 1,4-5,0 m/sek vind, fare for litt regn og moglegens lyn og torden på ettermiddagen/kvelden (Vi kryssar fingrane for at det ikkje skjer :-)

Tordag:
Lettskya, 12-17 grader, 1,2-9,6 m/sek, eit snev av nokre regndråpar kan koma.

Fredag:
Strålande festivalvêr! lettskya, litt kjølig på kvelden så kortbuksa kan kanskje med fordel ligga heime. 10-13 grader og 5,6 m/sek vind på ettermiddagen (løyer frå morgonen)

Laurdag:
Ikkje like lovande som for fredagen. Både Yr og Storm spår litt nedbør på ettermiddagen, men dei har tatt feil før. overskya, 10-14 grader, rundt 2 m/sek og eit par millimeter nedbør.

Det blir vesentleg betre enn i fjor!

Oppsummert: Det blir 27 grader under Osfest. 13 på fredag og 14 på laurdag. Kos dykk!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.