Lokal | 08. feb. 2016

Ein serie med korte straumbrot

Trøbbel på Røykenes grunna arbeid i Lysefjorden. (Oppdatert)

Ein serie med korte straumbrot
Ein av stolpane mellom Søfteland og Lysefjorden, i Endelausmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. feb. 2016 09:03

OPPDATERT: Klokka 11.09 melder Tuvin frå BKK at det no er kopla om og at straumforsyninga no skal vera normalisert. Vedlikehaldsarbeidet i Lysefjorden held fram.

Måndag i 9.30-tida fekk Midtsiden tips om fleire straumutkoplingar på Røykenes.

– Straumen har slått seg av og på minst fem gongar den siste halvtimen, fortel Linda Andersen hos Er-An Veikro.

– Dette er ikkje bra for verken kassasystemet eller ventilasjonsanlegget vårt. Vi fekk nytt datasystem på fredag og no blinkar det «error» på alt, legg ho til, og undrast over om det snart tar slutt.

Omkopling grunna vedlikehald

Hos BKK Nett er utkoplinga ikkje varsla.

– Vi driv med eit større vedlikehaldsarbeid i Lysefjorden, og har derfor kopla om noko av straumen til ein annan stasjon, fortel Anne Mette Tuvin frå BKK Nett.

– Dette er noko vi gjer ofte, utan at kundane merkar det, for å sleppa å kopla ut straumen. Men denne gong blei belastinga for stor for stasjonen vi kopla over til.

– Vi driv no og vurderer kva stasjon vi skal dela belastinga med. Om ikkje det er gode alternativ så vil vi avbryta arbeidet i Lysefjorden inntil vidare.

Straumlaus i Strøno og på Hatvik

Fredag midt på dagen gjekk straumen i Nordstrøno. Årsaka var tre over linja, eit problem som blei ordna fredag.

I dag skal straumen vera vekke i Eidsbrekka, frå Berge til Hegglandsdalen, men dette er ei planlagt utkopling grunna vedlikehald, og skal vara frå klokka 10 til 11.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.