Lokal | 19. jan. 2016

– Ein stor inspirasjon

Helseminister Bent Høie (H) om Os brann, redning og legevakt. – Dette må vera til inspirasjon for mange andre kommunar.

– Ein stor inspirasjon
Brannsjef Stein Gjøsund fortalde helseminister Bent Høie om korleis ein organiserar akuttberedskapen på Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. jan. 2016 19:35

Tysdag ettermiddag vitja helseminister Bent Høie (H) Beredskapssenteret på Moberg for å få høyra og sjå korleis Os kommune har organisert beredskapsarbeidet sitt med ei samlokalisering og -ordning av brann- og redningstenesta med legevakta.

– No har eg ikkje full oversikt over alle kommunane i heile landet, men eg kjenner ikkje andre som har ei så tydeleg samordning som Os har mellom brannvesenet og legevakta. Samstundes er jo dette ein vanleg måte å organisera first responder tenesta. I USA til dømes er det jo heilt vanleg, så ei heilt uvanleg tenking er det ikkje.

– Olsen-utvalet som leverte si anbefaling like før jul peiker mellomanna akkurat på tenestene før sjukehuset og trekker fram first responder og det å sjå ressursane på tvers. Her er Os i forkant, konkluderte Høie.

Nybygging gav moglegheiter

Då hadde Høie fått presentert korleis Os-organiseringa kom i gang, og korleis den fungerar av kommunalsjef Nils-Petter Borge og brannsjef Stein Jøsund.

– Då vi skulle byggje beredskapshuset ville vi òg sjå på organisasjonstilhøyringa til legevakta. Prosjektgruppa som skulle sjå på dette gav ei tilråding om å gå for ei samorganisering og rådmannen la den etterkvart under meg på helse. Brannvesenet har alltid vore flinke til å tenkje utanfor boksen. Det har vore ei beriking for leiargruppa mi å få inn brannsjefen som har utfordra på å tenkje utanfor boksen også på dei andre områda, forklarte Borge.

Hentar store synergiar

Brannsjef Stein Gjøsund supplerte med dei gode synergiane ein har fått av den nye organiseringa.

– Det at både legevaktlege, sjukepleiarane og brannkonstablane tildømes ét saman gjer at vi kjenner kvarandre godt og dermed òg trygge på kvarandre når vi rykker ut. Eit anna døme fekk vi nå sist i helga når to rusa personer kom inn på legevakta. Personellet følte seg utrygge og kunne utløysa alarmknappen som tilkalte eit par røslege brannpersonar som kom til. Det var med på å roa heile situasjonen.

Reddar fleire som first responder

I Os har brannvesenet hatt ein first responder-teneste i meir enn 10 år, kor brannvesenet har rykka ut på helseoppdrag når ambulansen ikkje har vore tilgjengeleg.

– Det handlar om tid i særs mange tilfelle. Vi som brannvesen har redda fleire som first respondarar enn i branntenesta. Det at vi no er samorganiserte har løfta tenesta ytterlegare ved at vi no kan rykke ut saman med sjukepleiar og eller lege. Vi har vore medvetne når vi har rekruttert nye brannfolk i høve til om dei har hatt ein helsefagleg tilleggskompetanse. Det er legevakta som styrar ressursane og kven som skal respondera når meldinga kjem, forklarte Gjøsund for statsråden.

– Det at de vil ha fleire i brannvesenet med helsefagleg kompetanse. Korleis gjer de det med kursing og liknande, undra helseministeren.

– Vi har det systematisk i øvingsprogrammet vårt. På dei fleste øvingane vi har legg vi inn eit førstehjelpsfagleg element. Til dømes når vi har røykdykking, så legg vi inn behandling av brannskader. I tilleg har vi nokre øvingar kor vi øver saman både brannvesenet, legevakta og dei andre blålysetata, svara brannsjefen før han tok med helseministeren på ei omvising på legevakta og stasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.