Kultur | 04. juli 2014

Ein ut - to inn - her er Osfest-programmet

Artist-endring i siste liten: Osfest blei i går ferdig med programmet. Kven speler kor tid, og kva artistar er endra på plakaten?

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. juli 2014 07:39

Bildeserie:

Eirik Søfteland sparkar i gang Osfest. (Foto: KVB)
Eirik Søfteland sparkar i gang Osfest. (Foto: KVB)
Aurora Aksnes er neste. (Foto: Jannice Bårdtvedt)
Aurora Aksnes er neste. (Foto: Jannice Bårdtvedt)
Også Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen speler fredag. (Arkivfoto: KVB)
Også Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen speler fredag. (Arkivfoto: KVB)
Jim Stärk er nest sist på scenen fredag. (Pressefoto)
Jim Stärk er nest sist på scenen fredag. (Pressefoto)
Big Bang rundar av første festivalkveld.
Big Bang rundar av første festivalkveld.
Med seg har dei Valkyrien Allstars.
Med seg har dei Valkyrien Allstars.
Pogo Pops startar festen laurdag.
Pogo Pops startar festen laurdag.
Før Gina, ORBO og DumDum Boys skal Green Granadas på scenen.
Før Gina, ORBO og DumDum Boys skal Green Granadas på scenen.
1 av 8

Denne veka har Osfest-arrangørane snekra saman programmet, men rett før trykking måtte arrangørane gjera ei justering.

– Av private årsaker kan Jace Everett dessverre ikkje ta turen til Noreg og Osfest i august, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Sjå videohelsing frå Everett nedst i artikkelen.

– The good news is ORBO and Vidar will be there to kick major ass (...) I will be over to see you as soon as possible, seier Jace i helsinga.

Busk og ORBO stepper inn

Everett skulle vore sistemann på scenen før DumDum Boys laurdag kveld 2. august. Som erstatning kjem Vidar Busk og ORBO sjølv inn i programmet.

– Vidar Busk er ein erfaren og dyktig musikar som berre har blitt betre med åra. Dei siste to åra har han fått spesielt mykje fin merksemd, seier Berg-Olsen om rock- og bluesmusikaren frå Telemark som reiste til USA som 15-åring for å vera fem år på turné.

Heime i Noreg har Busk blant anna fått Spellemannsprisen i 2003 og vore nominert i 2012.

Desse speler fredag og laurdag

Osfest går av stabelen fredag og laurdag første helga i august, med vorspiel torsdag 31. juli.

Festen blir sparka i gang av to lokale musikarar.

FREDAG
19.00 Eirik Søfteland
20.10 Aurora Aksnes
21.20 Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen
22.20 Jim Stärk
23.45 Big Bang med Valkyrien Allstars

LAURDAG
19.00 Pogo Pops
20.10 Green Granadas
21.30 Gina Aspenes
22.30 ORBO
23.45 DumDum Boys

Cruise, teater, vorspiel og nachspiel

Torsdag (kl 19) er det ekstracruise med MS Midthordland med Vidar Busk og Daniel Eriksen.
Fredag klokka 14 er det sponsorcruise med Steinar Albrigtsen og Monika Nordli, klokka 17 er det cruise med Osøren Jazzensemble på scenen.
Laurdag er det cruise både klokka 11 (Os kommune, utselt), 14 og 17, alle med Osøren Jazzensemble.

På dagtid laurdag (kl 12) er Kardemomme By på plass i Oseana.

Peppes har vorspiel fredag og laurdag med Blue Note Shuffle fredag og Vossa Rebels og Green Granadas laurdag. Solsiden kjører nachspiel med Erik «Snappen» Snapperud på pianoet etterfølgt av nattjam.

I programmet, som du kan sjå her, får vi også sett korleis arrangørane vil bruka festivalområdet på og rundt grusbanen ved Os ungdomsskule.

VIDEO: Sjå helsinga frå Everett, som likevel ikkje kjem til Osfest. (Privat foto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.