Sport | 24. juni 2016

– Ein viktig klubb for golf-Noreg

Golfpresident Marit Wiig er imponert over anlegget og arbeidet på Bjørnefjorden Golfklubb. – Dei har alle elementa vi legg vekt på, skryter Wiig.

– Ein viktig klubb for golf-Noreg
Golfpresident Marit Wiig fekk ein presentasjon av banen frå styreleiar Erik Just-Olsen i Bjørnefjorden Golfklubb (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 08:39

Fredag morgon vitja golfpresident og tidlegare visepresident i idrettsforbundet, Marit Wiig og representantar for golfforbundet Bjørnefjorden Golfklubb for å høyre om klubben og snakka med kultursjef Lisbeth Axelsen og plan- og utviklingssjef Aina Tjosås i Os kommune om folkehelsearbeidet golfklubben gjer.

– Først av alt må eg få seie at eg er imponert over anlegget. Det er eit komplett anlegg med alle dei elementa vi legg vekt på med tilbod til alle aldersgrupper og lag. Dei har eit frivilligapparat som er stort, godt og som gjer ein kjempejobb. Bjørnefjorden golfklubb er ein viktig klubb i golf-Noreg, skrytte Wiig.

Folkehelse og glede

Wiig fortalde om tre satsingsområder i golfforbundet.

– Det første er å knytta linken mellom kommunane og golfklubbane, slik vi gjer her i dag. Klubbane kan bidra stort på folkehelsearbeidet og eg håper kommunen veit å nytta seg av det.

– Det andre er det vi kallar golf, grønn glede, kor 40 klubbar, deriblant Bjørnefjorden er med. Dette er eit unikt opplegg som ikkje finst i andre land eller idrettar kor vi gjev eit tilbod til alle som har utfordringar i livet anten det er hjarte-/lungesjuke, folk som slit mentalt eller på andre måter. Her er klubbane sjølv motoren i det arbeidet, forklarte Wiig, som òg var stolt over Pink Cup kor golf-Noreg i fjor samla inn 1,4 millionar til kreftsaka. Bjørnefjorden golfklubb spelte inn vel 21 000 då dei arrangerte turneringa tidlegare i vår.

– Det er ei hyggeleg oppgåve å vera president og få overreka ei slik gåve til kreftforeninga, smilte Wiig.

Frivillige - ein bærebjelke

Golfpresidenten la ikkje skjul på at sporten hennar har eit ufrivillig stempel som ein snobbesport.

– Det er ein myte vi slit med og som eg vil avvisa på det sterkaste. Golf er ein idrett for alle gjennom heile livet kor frivilligheiten er ei bærebjelke. Det har dei skjønt her på Bjørnefjorden og det må kommunen vita å verdsetta.

Driftssjef Per-Ove Bahus Lysvold understøtta dette med å fortelle om medlemmar som legg ned 3-400 dugnadstimar gjennom sesongen for å halde banen i stand og aktivitetane oppe.

– Bruk moglegheitene

Med på vitjinga hadde Wiig mellomanna Svein Einarsbøl som i ein måned har vore på hjul rundt i golf-Noreg for å treffa golfklubbane og kommunane i eit prosjekt dei har kalla «Helse-tour».

– Eg har tidlegare jobba i helseavdelinga i Asker kommune, kor eg jobba med forebyggande folkehelsearbeid. Der såg vi at golf var eit viktig helsefremmande tiltak og at det mogleg for kommunen å få meir ut av midla på området.

– Ta til dømes støttekontaktmidla, kor ein har ei ordning som heiter fritid med bistad. Dette går ann å bruke opp mot klubben og på den måte gje eit tilbod til fleire enn berre ein brukar, forklarte Einarsbøl til kommunen sine folk.

– Vi har ordninga, men ikkje utnytta den i kommunen. Det skal vi ta med oss vidare. Eg er av den klare meininga at ei krone ut i ein klubb gir kommunen så mykje meir tilbake i samfunnsnytte. Eg pleier å seie ei krone ut, er ti kroner tilbake, svara Axelsen som takka for innspelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.