Lokal | 20. juni 2016

Einige om ESSO-tomta

Går forhandlingane som ordføraren håper vil kommunen overta ESSO-tomta ved Os hamn i byte med ei tomt i Lyseparken.

Einige om ESSO-tomta
Kommunen er i fornya dialog med Esso for å overta tomta deira ved Os hamn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. juni 2016 09:34

Bildeserie:

Esso-tomta. (Kart: Os kommune)
Esso-tomta. (Kart: Os kommune)
1 av 1
Esso-tomta. (Kart: Os kommune)

Ordførar Terje Søviknes (Frp) orienterte måndag formannskapet om at han hadde vore i samtalar med ESSO i eit forsøk på å finna fram til ei løysing kom Os kommune overtek den attraktive tomta.

– Vi har jo tidlegare hatt diskusjonar om ESSO-tomta og no sist arkitektkonkurransen Europan. Vi har frå kommunen si side sagt at kaifronten skal vera eitt av satsingsområda, innleia Søviknes.

Positiv haldning

I førre veke hadde difor ordføraren nye samtaler med Esso.

– Eg opplever positive haldningar frå ESSO Noreg, som tilliks med eindel andre har satt ut eigedomsforvatninga si, så det blir to partar vi må snakka vidare med. Men eg har god tru på at vi kan komma til einighet, slik at kommunen kan gå vidare med planane om å utvikle det som er indrefiléten i Os sentrum.

Makebytte

I diskusjonane har ein skissert eit makebytte der Os kommune tek over tomta på kaien og Esso får ei tomt i Lyseparken.

– Vi har no blitt einige om å køyre ein prosess og med det sjå på moglegheitene for å få til ei relokalisering av Esso til Lyseparken gjennom eit makeskifte og pluss minus nokre kroner.

– No står ikkje Lyseparken klar før i 2022, men vi har òg diskutert om dei kan trekkje seg ut frå sentrum tidlegare. Sentrumsplanen som vi no jobba med, er jo ikkje ferdig før i 2017, så det har ikkje bråhast, men det hadde vore utruleg bra for utviklinga av sentrum om vi får til ei reorganisering av setrum, konstanterte Søviknes.

Mykje att

Os kommune eig allereie frå før dei to omkringliggande tomtene der Peppes i dag held til og på andre sida kor kommunen sjølv har eit pumpehus for avlaup.

– Eg kjenner på at dette kan bli ei veldig god sak, men det ligg eit stykkje arbeid framfor oss, avslutta Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.